Same dag som Hedda Karterudseter vart funnen drepen tok den drapssikta somaliaren ut eit større pengebeløp i banken. I går sette 26-åringen, som er sikta for å ha gjeve han falskt alibi, inn eit større pengebeløp på sin konto. Og i avhøyra viste altså politiet stor interesse for kvitteringa for bankinnskotet. Det kan tyde på at politiet trur han har fått betaling for å gje den drapssikta alibi. Sjølv avviser han at desse pengane har noko med 35-åringen å gjere. - Det er mine pengar som eg har spart opp, og dei kan eg gjere som eg vil med, seier 26-åringen som ikkje ønskjer å stå fram med namn.
Held fast på vitneforklaringa
Advokaten til 26- åringen, Louis Anda, seier klienten hans har gjeve ei truverdig forklaring på kvifor han sette inn pengar på kontoen. 26-åringen sjølv held fast på at han såg 35-åringen i kebabkøen i Sogndal Sentrum klokka kvart på to drapsnatta. - Eg seier berre sanninga, og den er eg sikker på. Eg har ingenting med saka å gjere, seier han.
Politiet beslagla også mobiltelefonen til 26-åringen etter avhøyra. Men han seier at han ikkje har noko å frykte, og at han har samtykka at politiet kan sjekke samtalane han har hatt.