Vita-kjeda er konkurs

Cosmetic Group, som eig dei to kosmetikkjedene VITA og Loco, er konkurs. Dette råkar 200 butikkar med 1000 tilsette, melder NTB. Her i fylket er det fire Vita-butikkar, ein i Florø, to i Førde og ein i Sogndal, skriv Firdaposten. Styret håper heile eller deler av verksemda kan drivast vidare.