Hopp til innhold

Viste vekk steinleggjarar i Eid

Politiet viste onsdag kveld vekk ei gruppe britiske steinleggjarar som hadde slått leir på idrettsplassen på Haugen i Eid.

Steinlegging

VISTE VEKK: Ei gruppe britiske steinleggjarar vart onsdag kveld viste vekk frå Haugen i Eid der dei hadde slått leir.

Foto: NRK

Seks britiske køyrety hadde slått leir på plassen for natta, men var ikkje ønskte der. Dermed reiste politiet ut for å kontrollere forholda.

Det viste seg at dette var dei same personane som har vore i Førde-området tidlegare denne veka. Der har dei tilbydd tenestene sine til ei rekkje personar, blant dei både lensmannen og tilsynsleiaren i Arbeidstilsynet.

Sette foten ned i Førde

Politiet gjorde undersøkingar rundt dei britiske steinleggjarane tysdag, men det viste seg då at dei hadde arbeidsløyve. Så vart både Arbeidstilsynet og Skatteetaten kopla inn.

Arbeidstilsynet mistenkte at steinleggjarane ikkje dreiv etter lovar og reglar, og aksjonerte mot dei onsdag. Då viste det seg dei same personane i fjor haust vart stogga på Austlandet, og at det der vart lagt ned vedtak om å stogge arbeidet.

Dette vedtaket er ikkje lukka, noko som betyr at dei ikkje har lov å drive verksemd før Arbeidstilsynet har lukka saka.

Vart vist vekk av politiet

I går kveld kom dei britiske steinleggjarane altså på ny i søkjelyset til politiet.

Nokre av personane som hadde slått leir på Haugen i Eid hadde gjort seg skuldige i hotellbedrageri i Måløy. Dei hadde overnatta der natt til onsdag, men ikkje betalt for seg.

Politiet viste etter kvart vekk heile gjengen. Dei som ikkje hadde betalt for på hotellet i Måløy har også gjort opp for seg, opplyser politiet.

Ber folk la vere å bruke dei

Tilsynsleiar i Arbeidstilsynet, Rune Joar Ravnestad, oppmodar folk om å la vere å bruke tenestene som firmaa tilbyr.

– Eg vil be forbrukarane tenkje seg om før dei brukar denne type tenester, for det er vi som forbrukarar som kan styre marknaden deira. Kjøper ein tenestene deira så støttar ein illegal verksemd, seier Ravnestad.