Hopp til innhold

Viste sunnfjordingane at ho er klar til kamp

Venstreleiaren kom til Førde med eit bodskap om at ingen må gje seg. Kampen mot gruvedrifta i Naustdal er ikkje over, meiner ho.

Trine Skei Grande klar til kamp

KAMPKLAR: Trine Skei Grande (V) viste fram ein solid boksehanske under folkemøtet i Førde måndag. Ho er klar til å ta opp kampen mot regjeringa sitt gruve-ja.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Eg er veldig skuffa over at alle dei store partia har kjempa for dette. Eg har kjempa mot det veldig lenge, og vi kjem ikkje til å gje oss, seier venstreleiar Trine Skei Grande.

Måndag kveld deltek ho på eit folkemøte i Førde om fjorddeponiet i Naustdal. Ho er på plass fordi ho ikkje vil at folk skal gje opp.

– Folk må ikkje tru at dette er avslutninga, seier Skei Grande.

Inviterer til nytt vaffelmøte

Fredag kom regjeringa si avgjerd i saka der dei sa ja til gruvedrift i Engebøfjellet og dermed ja til å dumpe tonnevis med gruveavfall i fjorden. Gruvedrifta kan bety 500 nye arbeidsplassar. Avgjerda fall Venstre og miljørørsla tungt for brystet.

I dag leverte Naturvernforbundet inn ei klage til ESA. Venstre har levert inn eit forslag i Stortinget og Skei Grande håpar at nokon av partia er mogleg å rikke på.

– Eg har bede Jonas Gahr Støre om eit nytt vaffelmøte med dette som tema, og det har han sagt at han stiller på. Vi prøver alle sjansar vi har for å få stoppa dette, fortel venstreleiaren.

– Vi vil redde fjorden

Flora Venstre krev at Venstre bryt samarbeidet med regjeringa.

Kva seier du til det kravet?

– Eg skjønar veldig godt at folk vert kjempefrustrert når det kjem slike vedtak, men det hadde ikkje hjelpt fjorden om vi braut samarbeidet. Vi må vere opptekne av å redde fjorden, og då må vi halde oss til fleirtalet, seier Skei Grande og legg til at dei håpar å få med seg Arbeidarpartiet.

Ho seier dette er den viktigaste miljøsaka for Venstre samane med oljeboringa i Lofoten og Vesterålen.

– Dette er ei internasjonal oppsiktsvekkande avgjerd, og det viser at Noreg har altfor dårleg lovverk og kutyme på korleis vi skal ta vare på naturen rundt oss.

– Vi treng eit folkeleg engasjement. Det er gjennom det vi kan få stoppa dette. Det er her framtida ligg. Viss Sogn og Fjordane skal bli kjent som det fylket som hadde fjordar, men fylte dei att, så trur eg ikkje det vil gagne fylket sine næringsmoglegheiter og arbeidsplassar, seier ho.

Trine Skei Grande på folkemøte i Førde

FOLKEMØTE: Mange hadde møtt opp til folkemøtet i Førdehuset måndag. Venstreleiaren ber dei om å halde fram med det folkelege engasjementet mot gruveplanane.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK