Onsdag kveld gjekk rundt hundre personar i fakkeltog gjennom Førde sentrum for å støtte demonstrantane.
Ein av dei som hadde møtt fram på fakkeltoget i Førde for å gi si støtte til demonstrantane var kunstnar Oddvar Torsheim. Han synest det er urimeleg dersom aksjonistane må betale.
– Dei har då ikkje drepe nokon, har dei det? Eg synest det er visse ting i dag som ein godt kan protestere mot, sjølv om eg drar på åra. Dei burde få stipend, ikkje bøter.
Onsdag la aktor fram påstand om 24 000 kroner i bot eller subsidiært 48 dagar i fengsel til ti av aksjonistane som har nekta å betale bota si etter demonstrasjonane mot fjorddeponiet i Førdefjorden.
Til saman har 70 av dei 86 demonstrantane som vart bøtelagd for sivil ulydnad nekta å betale bøtene og må møte i retten.
- Les også:
– Nødvendig
Rettssaka som tok til tysdag er den første av fleire rettssaker etter demonstrasjonane. Bystyrerepresentant for Førde SV, Helge Schei, synest det er synd dersom aksjonistane blir dømde.
– Ein rein fjord er eksistensielt for alle vi som bur her. Eg synest det er synd dersom dei som prøver å verne naturen blir dømde for det. Av og til kan sivil ulydnad vere nødvendig.
- Les også:
– Angrar ikkje
Leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, er ei av dei som har vore på tiltalebenken denne veka. Ho synest det var fint å sjå fakkeltoget onsdag kveld, og trass stor bot angrar ho ikkje på at ho var med på aksjonen.
– Vi har ei liste på 2000 namn som har sagt seg villig til å vere sivilt ulydige. Sjølv med så store bøter trur eg mange av dei er villige til å vere med, men det er nok og dei som vil vegre seg. Det er synd, vi har brukt mykje tid til å påverke dette lovleg.
- Les også:
– Rørande
Gjertrud Øvretveit frå Sande i Gaular står og på tiltalebenken i rettssaka som tok til tysdag. Ho synest støtta demonstrantane fekk onsdag var rørande.
– Det beste med å vere med på aksjonen og rettssaka er den massive støtta vi har fått. Eg synest det er rørande at så mange møtte opp i dag.
- Les også:
– Ikkje tapt
Sjølv dersom rettssaka endar med fellande dom mot demonstrantane, seier Silje Ask Lundberg som er leiar i Naturvernforbundet, at kampen ikkje er over.
– Det viktige her er ikkje storleiken på bøtene eller om dei blir ståande, det er å sette søkelys på miljøkriminaliteten som vil gå føre seg. Vi har framleis ikkje tapt kampen.
Fakkeltog var det og i Oslo, der mellom andre stortingsrepresentant for Venstre Sveinung Rotevatn, og stortingsrepresentant for SV Heikki Holmås stod på lista over appellantar.