NRK Meny
Normal

Viste støtte til gruveaksjonistane

FØRDE (NRK): Rundt hundre personar gjekk onsdag kveld i fakkeltog frå Førde rådhus for å vise støtte til gruveaksjonistane.

Ein liten gut står med fakkel i handa

STØTTEERKLÆRING: Både unge og gamle hadde møtt fram for å støtte aksjonistane onsdag kveld.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Oddvar Torsheim

STIPEND: Oddvar Torsheim meiner aksjonistane burde få stipend, ikkje bøter.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Onsdag kveld gjekk rundt hundre personar i fakkeltog gjennom Førde sentrum for å støtte demonstrantane.

Ein av dei som hadde møtt fram på fakkeltoget i Førde for å gi si støtte til demonstrantane var kunstnar Oddvar Torsheim. Han synest det er urimeleg dersom aksjonistane må betale.

– Dei har då ikkje drepe nokon, har dei det? Eg synest det er visse ting i dag som ein godt kan protestere mot, sjølv om eg drar på åra. Dei burde få stipend, ikkje bøter.

Onsdag la aktor fram påstand om 24 000 kroner i bot eller subsidiært 48 dagar i fengsel til ti av aksjonistane som har nekta å betale bota si etter demonstrasjonane mot fjorddeponiet i Førdefjorden.

Til saman har 70 av dei 86 demonstrantane som vart bøtelagd for sivil ulydnad nekta å betale bøtene og må møte i retten.

Rundt 100 personar deltok onsdag kveld i eit fakkeltog for å støtte gruveaksjonistane i Førde.

– Nødvendig

Helge Schei

SYND: Helge Schei synest det er synd dersom dei som forsøker å kjempe for naturen blir dømde for det.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Rettssaka som tok til tysdag er den første av fleire rettssaker etter demonstrasjonane. Bystyrerepresentant for Førde SV, Helge Schei, synest det er synd dersom aksjonistane blir dømde.

– Ein rein fjord er eksistensielt for alle vi som bur her. Eg synest det er synd dersom dei som prøver å verne naturen blir dømde for det. Av og til kan sivil ulydnad vere nødvendig.

– Angrar ikkje

Ingrid Skjoldvær t.v. er med på å opne fakkeltoget

Ingrid Skjoldvær t.v. og Anne-Line Thingnes Førsund opnar fakkeltoget.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, er ei av dei som har vore på tiltalebenken denne veka. Ho synest det var fint å sjå fakkeltoget onsdag kveld, og trass stor bot angrar ho ikkje på at ho var med på aksjonen.

– Vi har ei liste på 2000 namn som har sagt seg villig til å vere sivilt ulydige. Sjølv med så store bøter trur eg mange av dei er villige til å vere med, men det er nok og dei som vil vegre seg. Det er synd, vi har brukt mykje tid til å påverke dette lovleg.

– Rørande

Gjertrud Øvretveit

I RETTEN: Gjertrud Øvretveit er ei av dei som står på tiltalebenken i rettssaka som tok til tysdag.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Gjertrud Øvretveit frå Sande i Gaular står og på tiltalebenken i rettssaka som tok til tysdag. Ho synest støtta demonstrantane fekk onsdag var rørande.

– Det beste med å vere med på aksjonen og rettssaka er den massive støtta vi har fått. Eg synest det er rørande at så mange møtte opp i dag.

– Ikkje tapt

Sjølv dersom rettssaka endar med fellande dom mot demonstrantane, seier Silje Ask Lundberg som er leiar i Naturvernforbundet, at kampen ikkje er over.

– Det viktige her er ikkje storleiken på bøtene eller om dei blir ståande, det er å sette søkelys på miljøkriminaliteten som vil gå føre seg. Vi har framleis ikkje tapt kampen.

Fakkeltog var det og i Oslo, der mellom andre stortingsrepresentant for Venstre Sveinung Rotevatn, og stortingsrepresentant for SV Heikki Holmås stod på lista over appellantar.

Gå til forsiden

Fakkeltog mot Sjødeponi

Ein liten gut står med fakkel i handa

Fakkeltog mot Sjødeponi

10 bilder

    Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
    Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
    Ordninga bør endrast