Hopp til innhold

Viste politiet fingeren

Slagsmål og ein tenåring som viste politiet fingeren var litt av det som sysselsette politiet i trivselsfylket natt til i dag.

Politiloggen til Vest politidistrikt byr ikkje på dei store overskriftene, men litt ampert har det likevel vore i haustmørket i Sogn og Fjordane natt til søndag.

Klokka 23.52 på Nordfjordeid: Mann i 20-åra vist bort frå utestad. Han skal ha vore truande og slått til to vakter. Mannen vart køyrt bort frå staden. Ifølgje politivakta er det mogelege at dei fornærma vil melde hendinga i ettertid.

Klokka 00.40 på Haugatun i Gloppen: Politiet måte rykke ut etter melding om slagsmål mellom to personar. Ingen personar vart skadde, men begge vart viste bort frå staden.

Klokka 01.31 i Strandgata i Florø: 17 år gamal gut vert meld for forulemping av politiet. Skal ha vist politiet fingeren. Foreldra vart varsla.

Klokka 02.55 i Fjørevegen i Sogndal: Fleire personar viste bort frå staden etter melding om slagsmål. Ein person vart sett til av ambulansepersonell. Ikkje alvorleg skada. Politiet opplyser at dei vil følgje opp hendinga i ettertid.