Kampen på Årølia kunstgress ebba ut mållaust, men Sogndal-spelarane viste takter som trenar Jonas Olsson likte svært godt.
– Vi var gode, freidige og modige og spelte med entusiasme. Det var gøy å sjå på. Vi går respektlaust til verks borte mot eit av dei beste laga i Norge, oppsummerte han.
Burde scora
Sogndølen var på fleire farlege visittar framfor manager Ole Gunnar Solskjær sin utvalde mellom MFK-stengene. Før kvarteret var godt vart Tonny Brochmann Christiansen lagt i bakken innanfor straffemerket, men dommaren dømde ikkje straffe.
Magnus Wolff Eikrem prøvde seg nokre minuttar seinare med eit frispark frå kring 18 meter. Ballen strauk krysstonga. Etter kvilen kom også Ørjan Hopen nærme scoring for Sogndal.
– Det var gøy å sjå på i dag. Eg er veldig nøgd med å sjå oss skape mange sjansar, held Olsson fram og meiner Sogndal burde scora to mål.
Offensive kvalitetar
Sogndal hadde i fjor stor suksess med Harald Aabrekk sin defensive taktikk. Allereie før Olsson kom til Sogndal for å overta ved nyttår, uttala han til NRK at han
. Han gjorde det klart at laget siktar høgare på tabellen enn fjorårets 14. plass.At det kan vere innan rekkjevidd viste Sogndal mot Molde.
– Dette vart ein 0-0-kamp med meirsmak. Dette blir bra, gliser Olsson.
Testa finne
Even Hovland spelte heile kampen mot gamle lagkameratar i Sogndal. Olsson nytta på si side sjansen til å teste ut finske Jani Lyysky i tospann med Hannu Patronen i midtforsvaret.
28-åringen spelar til dagleg i allsvenskaklubben Djurgården og har 3 A-landskampar for Finland.
– Han var okay, men det er lenge sidan han har spelt fotball. Men eg er nøgd med midtstopparparet, seier Olsson.
Sogndal starta med: Kenneth Udjus, Taijo Teniste, Jani Lyysky, Hannu Patronen, Per Egil Flo, Henrik Furebotn, Ulrik Flo, Ruben Holsæter, Stephan Badji, Tonny Brochmann Christiansen og Malick Mane.
(Saka blir oppdatert)