Hopp til innhold

Lokal designer på internasjonal moteveke

Med base i Vik utviklar Kristina Vikøren og sel klede i dei mest trendy motebutikkane i Litauen. Denne veka var ho for fjerde gang på moteshow i heimlandet.

Kristina Vikøren

HEKTISK: Det vart hektiske timar backstage for Kristina Vikøren under motevisninga i heimlandet Litauen.

Foto: Privat

Distriktsdesignaren viste fram kolleksjon under den internasjonale moteveka «Fashion Infection» som gjekk av stabelen i Vilnius i Litauen.

37-årige Kristina Vikøren fortel om hektiske timar.

– Det gjekk eigentleg bra, men det var litt kaotisk backstage, seier trebarnsmora.

Bestemte alt sjølv

Design av Kristina Vikøren

DESIGN: Kristina Vikøren fekk vise designerkollegaer noko av det ho har laga i Vik.

Foto: Privat

Bakgrunnen for visninga var å vise fram eigen kolleksjon, samt gi andre smådesignerar inspirasjon til arbeidet sitt. Vikøren utviklar sjølv sine eigne kolleksjonar i atelieret ho har etablert i Gamle kommunehuset i Vik.

Modellane blir sydde der, og det er her ho utviklar både stoff, trykk og strikkematriser. Sjølve prototypeproduksjonen skjer i Litauen.

– Tilbakemeldingane var positive, både på designen og visninga. Eg valde musikken, utsjåande og heile pakka sjølv, seier ho.

Sjette motevisning

Det er ikkje første gang Vikøren er med på internasjonale motevisningar. To gonger har ho delteke på Oslo Fashion Week, medan det er fjerde gong ho deltek i Litauen.

– Visninga er eigentleg for å vise kollegaer kva ein jobbar med, og å gi kvarandre inspirasjon. Men det er klart det kjem folk som ynskjer å sjå på kva unge, små designarar, lagar. Visninga vart også vist direkte på internett, seier ho og fortel det var designarar mellom anna frå Tyskland og Frankrike.

– Noko slikt er ekstremt bra kreativt, legg Vikøren til.

Slit i Norge

Kristina Vikøren

TATOVERINGAR: Det var ikkje berre klede, men også tatoveringar, modellane skulle ha på seg.

Foto: Privat

Inspirasjonen får ho frå skifolk, sportsfolk og norske bygder. Men i Norge er det ikkje lite lett få fotfeste. Derimot sel Kristar Design, som ho kallar designen, i trendy motebutikkar i Litauen.

Vikøren fortel det er ekstremt krevjande å jobbe seg inn i den norske marknaden. Difor ser 37-åringen på heimlandet Litauen som ein interessant marknad, med kvalitetsbevisste kundar.

– Eg prøvde med butikk i Bergen, men det er veldig, veldig tungt å komme inn på marknaden i Norge for små designarar. Folk kjøper billige klede og det er frykteleg dyrt med marknadsføring for å komme seg fram og bli kjend, fortel ho.

Satsar på nett

– Kvifor er det så mykje lettare i Litauen?

– Eg er litauisk, og det er fleire småbutikkar kring om. Reklamen er rimelegare og «munn til munn»-salet går lettare, seier ho.

Butikken i Bergen vart for krevjande å halde liv i, så den er nedlagd. No er 37-åringen i gang med å etablere nettbutikk. Ho veit ikkje sikkert, men håpar og trur den vil vere oppe å gå i sommar.

– Akkurat no er det ikkje aktuelt med noko meir butikk, men eg har direktesal frå atelieret i Vik. Så jobbar vi veldig, veldig hardt for å få opp ein nettbutikk, seier ho.