Hopp til innhold

Lensmannen i Årdal vart informert om bussdramaet av NRK

Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, visste ingenting om dramaet som utspann seg i Valdresekspressen måndag, før NRK ringde.

Knudsen

KOM FØRST: Lensmann Magne Knudsen rykte sist ut, men kom først til staden.

Foto: Christian Blom / NRK

– Eg kan stadfeste at eg vart vekt av NRK klokka 17.56, og fekk då spørsmål om kva som skjedde på Holsbru, seier Knudsen til NRK.

Det var måndag at ein asylsøkjar væpna med kniv, gjekk amok på Valdresekspressen.

Situasjonen ende med at den 30 år gamle mannen frå Sør-Sudan angreip og knivdrap både bussjåføren, ein mannleg passasjer og den 19 år gamle Margaret Molland Sanden frå Årdalstangen.

Drog på lensmannskontoret og henta våpen

Knudsen låg og kvilte fordi han skulle opp grytidleg neste morgon, nettopp for å eskortere den no trippelsikta asylsøkjaren frå Sør-Sudan ut av landet.

Lensmannen drog då ned på politistasjonen i Årdal saman med ein kollega. Desse gjorde seg klare med det som skulle til av utstyr og skytevåpenet MP5, og drog så strake vegen på fylkesveg 53 mot åstaden på Holsbru.

Trass i at Knudsen vart alarmert 18 minutt seinare enn patruljen i Lærdal, var det han og kollegaen som var først på åstaden. Rett og slett fordi dei køyrde fylkesveg 53, medan den vakthavande politipatruljen valde å køyre den vel 38 kilometer lengre vegen via Filefjell.

Fekk melding frå AMK kl. 17.35

Denne vurderinga vart gjort fordi det i lengre tid har pågått arbeid på fylkesveg 53 i Midnestunnelen, og vegen er difor tidvis stengd her. Vakthavande politipatrulje valde difor å køyre via Filefjell for å komme til Holsbru, mellom Årdal og Tyin.

Ifølgje politiet si tidsline over hendingane måndag då tre personar vart knivdrepne på Valdresekspressen, fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Holsbru frå AMK klokka 17.35.

AMK skal ha fått melding om trafikkulykka allereie klokka 17.21. Den vakthavande politipatruljen drog frå Lærdal klokka 17.38, altså 16 minutt før lensmann Knudsen får beskjed om hendinga.

I byrjinga gjekk meldingane på at det var ei trafikkulykke naudetatane rykte ut til. Først klokka 17.50 får politiet vite at det er ein farleg person på bussen. Det er seks minutt før Knudsen får telefon frå NRK.

Reflekterte ikkje over vurderingane

Knudsen reagerer ikkje på at han ikkje var informert før.

– Nei, eg reflekterte ikkje over det. Når eg ser førstemeldinga i loggen, så går den på at det var skjedd ei trafikkulykke. Då ringjer dei ikkje meg. Det var jo ei patrulje på vakt, seier Knudsen.

– Men klokka 17.50 skal politiet ha fått vite at det var ein farleg person i bussen. Burde ikkje du vore informert då?

– I dei hektiske minutta, har dei hatt nok å hengje fingrane i, seier Knudsen.

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, ser ikkje noko problem med at Knudsen ikkje vart informert.

Ronny Iden

VAR IKKJE PÅ VAKT: Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, understrekar at Knudsen ikkje var på vakt.

Foto: Truls Kleiven

– Magne Knudsen var ikkje på vakt, og vi har visse rutinar for korleis vi varslar ut mannskap. Det er naturleg å ta tak i dei mannskapa som er på vakt, også i forhold til nabopolitidistrikt, seier Iden.

Kom like etter at gjerningsmannen var ute

Han understrekar at når det er alvorleg, så vert alle som ein tenkjer kan hjelpe, varsla.

Utover det ønskjer ikkje Iden å kommentere saka.

– Vi får heller ta ei vurdering på kva ein kunne gjort annleis, viss ein kunne gjort noko annleis, seier Iden.

Knudsen var i kontakt med Operasjonssentralen i Sogn og Fjordane så klokka 17.57, og drog til lensmannskontoret saman med ein kollega for å gjere seg klar til utrykking.

Knudsen og kollegaen var på åstaden om lag eitt minutt etter at gjerningsmannen kom ut av bussen og vart lagt i bakken og halden der av brannmannskap.

Patruljen frå Lærdal, som då hadde køyrt nesten ni mil, kom til staden om lag eitt minutt seinare.