NRK Meny
Normal

Viser fram fylket for Top Gear-gjengen

To bergensarar har fått i oppgåve å lage videoar til den nye nettstaden «Drivetribe». Bak prosjektet står Jeremy Clarkson og dei andre stjernene frå bilprogrammet Top Gear.

Drivetribe norge

DRIVETRIBE: Ein av bilane som skal brukast i den nye kanalen på Drivetribe.

Foto: Kaj Alver/PRIVAT

Kaj Alver

LEIAR: Kaj Alver (t.v.) skal vere leiar for ein 'tribe' på den nye nettstaden.

Foto: PRIVAT

Gjennom nettstaden «Drivetribe» skal bilinteresserte verda rundt kunne sjå videoar av dei kulaste, tøffaste og råaste køyretøya.

– Det skal vere eit nettsamfunn der det finnast noko for alle som er interessert i det som går på fossilt brennstoff. Om du likar gamle motorsyklar, klassiske bilar, superbilar, sportsbilar, terrengbilar – kva som helst, forklarar Kaj Alver, som er frå Bergen. Han er leiar for ein såkalla «tribe» eller kanal saman med Arnstein Ellingsen, og dei utviklar videoane i lag med firmaet Varde solutions.

​I spissen for den nye bilnettsida står dei tidlegare programleiarane for Top Gear, Jeremy Clarkson, Richard Hammond og James May, som også skal lede sine eigne «tribes».

Ferrari fly

FLYPLASS: Under innspelinga på rullebana i Sogndal.

Foto: PRIVAT

Alver har blant anna fått med Johannes Einemo frå Lærdal og Joar Navarsete frå Sogndal til den norske kanalen på nettsida.

– Det er stilig å få vist fram lokalområdet. Vi har fått filma litt frå Sogndal, Kaupanger og Lærdal og får tru at litt norsk natur kan pynte på skjermane, smiler Navarsete.

Viser fram fylket

Joar Navarsete

BILINTERESSERT: Joar Navarsete saman med sin bil. Den er med i filmane på kanalen.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Navarsete arbeider til vanleg på flyplassen i Sogndal og har sørga for at kanalen får eksklusive klipp frå flystripa.

– Det er spanande å få filma på så store område, med dronar og skikkeleg kamerautstyr. Me har fått mange kule klipp og ein film som skal visast om kort tid, fortel han. Navarsete visar også fram ein av sine eigne bilar på kanalen.

Alle dei involverte i prosjektet har lenge vore interessert i bilar og for Johannes Einemo starta interessa tidleg. Då han var 12 år kjøpte han sin første bil. Før den tid hadde han allereie seld omkring 15 mopedar.

Til den nye Drivetribe-kanalen still han med to Lamborghiniar og ein Ferrari.

– Eg har alltid drøymt om superbilar. Det er kjekt å vere med på dragrace og eg gjer dette for moro skuld. Det blir spanande å vere med på, seier han.

Testar bilar opp mot kvarandre

Johannes Einemo

ITALIENSKE BILAR: Johannes Einemo ligg mellom to av superbilane sine.

Foto: PRIVAT

Den norske kanalen skal fokusera på gatebilar, der nøkkelordet er at det noko som er blitt endra på bilen.

Sida er ikkje lansert enda, men planen er blant anna å la dei mest ekstreme bilane måle krefter mot kvarandre.

– Vi kjem til å vise ting som folk lurar på, men aldri har fått sett på film. Når Ferrari, Lamborgini og Porsche – kongane av superbilar – lanserer ein ny bil, seier dei at det er den raskaste. Dei møtast aldri til kamp.Vi kjem til å sette superbilar, rallycrossbilar, driftebilar, time-attack bilar, vanlege gatebilar opp mot kvarandre, fortel Alver.

Vegopning på Bergum i Førde kommune