Hopp til innhold

Virusherja Sogndal klar for Glimt

Fleire sogndalspelarar har den siste tida vore plaga av virus.

Isak Scheel

Isak Scheel er mellom fleire sogndalspelarar som den siste veka har vore råka av eit virus.

Foto: Rune Fossum

Både Eivind Daniel Røed, Ørjan Hopen, Tommy Øren og Isak Scheel har den siste veka hatt influensaliknande symptom. Liknande symptom har også naboklubben Fjøra slite med .

- Dei har slite ei vekes tid, og det er ikkje bra i høve formutviklinga. Det sit veldig lenge i, men eg vonar at vi er ferdige med det nok, seier sportssjef Trond Fylling før måndagens oppgjer mot Bodø/Glimt.

Alle er i treninga att

Trond Fylling

Trond Fylling vonar virusproblema er over i Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fylling både trur og håpar at viruset er over, utan at fleire spelarar i sogndaltroppen blir råka.

- Eg trur ikkje at det har spreidd seg. Det liknar litt på influensa, med mellom anna hovudverk, seier Fylling og legg til at samtlege spelarar no er attende i trening. Og klar til dyst mot tabelltoaren.

Fordel med naturgras

Og det er divisjonens beste heimelag, men også divisjonens dårlegaste bortelag som gjestar Fosshaugane måndag. På Aspmyra er det blitt fem strake sigrar og 18-1 i målskilnad på dei fem første heimekampane. På bortebane er det derimot blitt berre eitt poeng på tre forsøk for Bodø/Glimt.

Sogndal på si side, har vist sviktande form etter 5-0 sigeren over Tromsdalen . Sist vart det rett nok 2-1 og full pott mot tabelljumbo Strømmen .

SJÅ: Sogndal - Bodø/Glimt måndag kl. 18

- Bodø/Glimt er ikkje så sterke på gras, som på kunstgraset sitt. Vi satsar på at vi skal styre kampen og ta tre poeng, seier Fylling.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Vanskelege å møte

Medan Sogndal ikkje har vunne på Aspmyra på dei ni siste forsøka i serien, er tap og sigrar jamnare fordelt på Fosshaugane. Sogndal har tre sigrar, mot Bodø/Glimt sine fire sigrar på dei ni siste seriekampane. To har enda uavgjort.

Siste seriemøte, i 2007, enda i 2-0-siger for Sogndal etter scoringar av Elvis og Solheim.

- Når Bodø/Glimt får det til å svinge, så er dei veldig vanskelege å spele mot. Slik det ser ut no, er det dei som ligg nærast opprykk. Det er viktig for oss å ta tre poeng i kampen, seier Fylling. Vel vitande om at Bodø/Glimt er nummer to på tabellen og Sogndal nummer fem etter åtte seriekampar.

Frisk som ein fisk

Eivind Daniel Røed og Ørjan Hopen er usikre før kampen på grunn av samling med G18-landslaget. Elles er troppen i hovudsak uendra i høve cupkampen mot Førde .

- Dessutan er Ulrik Flo med att i trening, og Tommy Øren er frisk som ein fisk, seier Fylling.

Trur på siger

Sogndal vil få litt å stri med i divisjonens toppscorar, brasilianske Thiago Martins. 33-åringen står bokført med åtte mål på like mange seriekampar i år. Det er like mange som brynevingen Marius Helle.

Thiago Martins

Thiago Martins har åtte scoringar på 663 minutt i 1. divisjon.

Foto: Ola Helness / NRK

Glimt-kaptein Johan Lædre Bjørdal seier nordlendingane har respekt for måndagens motstandarar.

- Eg trur det blir ein tøff bortekamp. Dei har gjort det ganske bra dei også. Eg trur vi vinner, men vi må vere skjerpa i den kampen, seier han til glimt.no.

Slik startar laga

Sogndal: Piotr Leciejewski, Per Egil Flo, Even Hovland, Lars Grorud, Isak Scheel, Henrik Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen, Elvis, Barry Kader, Espen Olsen, Joakim Rudolfsen.

Benken: Joseph Bendik, Gustav Valsvik, Ørjan Hopen, Eivind Daniel Røed, Tommy Øren, Ulrik Flo, Håvard Flo.

Bodø/Glimt: Pavel Londak, Thomas Rønning, Per Verner Rønning, Johan Lædre Bjørdal, Willis Forko, Michael Haukås, Christian Berg, Anders Konradsen, Mounir Hamoud, Thiago Martins, Stefan Johansen.

Benken: Jonas Ueland Kolstad, Daniel Stensland, Håvard Sakkariasen, Anders Karlsen.

Sogndal - Bodø/Glimt måndag kl. 18