Hopp til innhold

Vintrane har blitt stadig mildare

Vi skal mange tiår tilbake i tid for å finne sist desember var så mild som på 2000-talet. Men forskarane opnar for at vintrane blir kaldare i åra framover.

Kald vinter i Sogn og Fjordane

BRRR....: Desember og januar har så langt vore svært så kald denne vinteren. Slik kan vintrane også komme til å bli framover - men det er ingen grunn til å avlyse klimakrisa, meiner norske forskarar.

Foto: Arne Stubhaug

Stikkprøver i vêrstatistikken til Meteorologisk Institutt syner at temperaturen for desember månad det siste tiåret var høgare enn på svært lenge.

- Det er mykje mildare no enn for berre 30-40 år sidan. Det er ein klar tendens, kommenterer klimaforskar Ketil Isaksen ved Meteorologisk Institutt.

Lik utvikling i heile landet

NRK har sett nærmare på desembertemperaturane for målestasjonane Takle i Gulen, Vangsnes i Vik, Fjærland i Sogndal, Sandane i Nordfjord og Bjørkehaug i Jostedalen i indre Sogn.

Talmaterialet er tydeleg: På Vangsnes midt i Sogn var til dømes middeltemperaturen på 1960-talet 0,38 grader i desember månad. Med unnatak av eit temperaturfall på 80-talet, har kurva peika oppover - og på 2000-talet er middeltemperaturen oppe i 1,9 grader.

- På denne årstida er det svært store variasjonar i temperaturane. Men tendensen er eintydig; Det har blitt éin til to grader mildare over store delar av landet dei siste 40-50 åra, seier Isaksen.

Dei lokale tala stemmer nemleg med middeltemperaturane for desember for resten av landet. Utviklinga er samanfallande med målestasjonane NRK har sjekka på Blindern i Oslo, Flesland i Bergen og stasjonen i Tromsø.

Er vi tilbake til «normale» vintrar?

Vinteren har til no i år vore svært kald i heile Sør-Norge. Men: Det er ingenting som tyder på at vinteren har vore unormalt kald - vi kan heller vere tilbake til det som eigentleg er normalen, meiner fleire forskarar.

- Den kuldeperioden vi har no, stemmer veldig bra med eit vêrmønster på Vestlandet, seier klimaforskar Erik Kolstad ved Bjerknesseneret i Bergen.

Han kallar vêrfenomenet for den nordatlantiske oscillasjonen - ein pendelsvingning som gir Vestlandet lengre periodar med vekselvis kaldt og mildt klima. På 1950- og 60-talet var dette vêrmønsteret gjennom ein kald fase, i 1970-åra var det litt fram og tilbake - men frå 1980 og utover har det stort sett halde seg i den varme fasen.

Dei siste vekene har derimot vêrmønsteret vore i ein kald fase - og forskarane spekulerer no i om dette kan vere starten på ein ny kuldeperiode.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Kaldt i Angedalen

KULDEHOL: Angedalen i Førde er kjend for å vere eit kaldt område.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vintrane kan bli kaldare igjen

Kolstad forklarer vêrfenomenet med at naturen har eit slags «minne», som gjer at vêr og klima går i periodar. Når det er mildt sør på Grønland, ved Middelhavet og langs austkysten av Nord-Amerika, er det kaldt i Sør-Norge og på Vestlandet.

Det stemmer med vêr og temperaturar denne vinteren.

- Det er ingen myte at vintrane var kaldare før i tida. Men dersom svingningane held fram på den same måten, er det ingenting i vegen for at vintrane blir kaldare i åra som kjem, seier Kolstad.

- Vi har vore inne i ein varm fase no, og vi har blitt vande til varme og våte vintrar på Vestlandet. Men det er ikkje ein normalsituasjon, og vi veit at mønsteret svinger med ein tidsskala på meir enn ti år i slengen. Så dette kan vere starten på ny kald periode, utan at vi kan seie det sikkert, seier han.

Trur på fleire kalde vintrar

Kolstad understrekar at vinteren på langt nær er over enno, og at vi framleis kan få ein vinter som legg seg på normalen frå dei siste åra: Mildt og vått.

- Men det vinterveret vi har no, er eit eksempel på korleis vinteren skal vere. Det er meir unormalt at vi har blitt vande med milde vintrar, seier klimaforskaren.

- Vi har vore inne i ein lang og varm fase, så eg trur nok at vi før eller seinare kjem inn i ein kaldare fase igjen. Men det er vanskeleg å seie kor tid, seier han.

Ved Meteorologisk Intsitutt trekkjer Isaksen fram vintrane frå 2003 og 1997 som døme på kalde vintrar - som vi har hatt til no i 2009-2010. Han poengterer at vi så seint som i november hadde ein mild vintermånad.

- Det er ingen grunn til å avlyse klimakrisa, og alt tyder på at vi har global oppvarming. Det er likevel grunn tilø å forvente kalde vintrar også i tida framover, seier han.