Hopp til innhold

No peikar pilene rett veg for vinterturisme på Nærøyfjorden

Ferja på Nærøyfjorden i Aurland hadde kring 800 passasjerar dei fire dagane i romjula.

Fanaraaken på Nærøyfjorden jula 2014

VAKKERT OGSÅ NO: Nærøyfjorden kan gje turistane vel så fine opplevingar om vinteren som om sommaren.

Foto: Anne Line Nesse Johnsen

Tala for heile desember er på kring 2000, og passasjerutviklinga sidan i haust syner ein auke på ca. 10 prosent samanlikna med fjoråret.

Driftsdirektør Stian Hårklau i Fjord1 seier dette styrkar trua på auka vinterturisme på Nærøyfjorden.

– Vi ser dette som eit klart bilete på at det er eit potensial til å få heva turismen på vinter og haust til eit anna nivå enn det vi har hatt tradisjonelt. Så dette er det veldig spennande for oss å ta med oss i det vidare arbeidet.

Noralv Distad

- SAKTE, MEN SIKKERT: Ordførar Noralv Distad meiner langvarig satsing no gir resultat.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Mange som ikkje har vinter

Tala får også Aurland-ordførar Noralv Distad til å juble.

– Det første er at turistane får oppleve landskapet vinterstid, og det er kjekt for dei. Det er veldig populært. Så er det godt med inntening i næringslivet, og vi får fleire heilårsarbeidsplassar. Så dette er ei utvikling vi helsar veldig velkomen.

Kort tid før jul gjekk Fjord1 og Flåm AS saman og skipa eit nytt reiselivsselskap som skal prøve å auke turismen på fjordane våre, i første rekke på Nærøyfjorden, men også på Geirangerfjorden på Sunnmøre og Lysefjorden i Rogaland under paraplyen til Fjord-Norge.

Og skal ein auke fjordturismen, er vintersesongen viktig. Distad meiner tala viser at turistane vil besøke Nærøyfjorden også vinterstid.

– No kjem det veldig mange som ikkje har vinter der dei bur. Det er mange frå Asia og Sør-Europa. Norge er kjend som eit vinterland, og eg meiner vi har vore altfor forsiktige med å marknadsføre fjordane våre vinterstid.

– Vi har rett nok gjort det i dette området i lengre tid, og sakte, men sikkert har vi bygd opp ein trafikk. Det viser seg at dei som reiser her vinterstid er kjempenøgde, og dei likar det godt. Eg trur dette har eit kjempestort potensial.

Fanaraaken på Nærøyfjorden

VETERAN PÅ FJORDEN: Det er «Fanaraaken» som fraktar vinterturistane på Nærøyfjorden.

Foto: Noralv Distad

Også nordmenn blant turistane

Fjord1 har førebels ingen statistikk over kva nasjonalitet som reiser på denne årstida, men Distad har eit bestemt inntrykk.

– Det er veldig mange frå Asia, Sør-Europa, og dels frå USA. Veldig mange er frå område som ikkje har snø, som ynskjer å sjå det vinterstid. I tillegg er det mange utlendingar som jobbar i Norge og som har fri i romjula, også folk som studerer i Norge, som vil sjå noko eksotisk når dei har fri.

Mellom dei som ynskjer å sjå Nærøyfjorden om vinteren er det også ein del nordmenn. Auka vinterturisme fører også til at næringslivet i Aurland i større grad held ope vinterstid. Flåmsbana går heile året, med god trafikk i romjula, rutene til Fjord1 går, fjordsafari er tilgjengeleg heile året.

Stian Hårklau Fjord1

- VELDIG SPENNANDE: Driftsdirektør Stian Hårklau i Fjord1.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Alle piler går ein veg

– Det er stadig fleire som held ope, og det er sjølvsagt fordi dei ser at det er eit inntektspotensial i det. Alle piler går no ein veg, og det er i retning av at vi endeleg lukkast med å få til eit godt heilårs reiselivsprodukt i området med Nærøyfjorden og Flåmsbana som spydspissar, seier ordførar Noralv Distad.

Men sjølv om passasjertala så langt stadfestar at folk vil oppleve Nærøyfjorden også vinterstid, treng det nye selskapet litt meir tid til å legge strategien for auke, seier Stian Hårklau i Fjord1.

– Vi jobbar med å få etablert det nye selskapet, så skal vi kome tilbake med tydelegare og klarare tankar om korleis vi skal få teke ut det potensialet. Men det er klart at det handlar om å gje kundane tilleggsopplevingar, og så går det på kvaliteten på det materiellet vi brukar på rutene.