Hopp til innhold

Vinterstengde snøfri veg – bygda fortvilar

Fylket stengde vegen for vinteren, trass i at det ikkje har komme eit einaste snøflak enda. – Eg trudde det var ein spøk, seier oppgitt innbyggjar.

Vinterstengt veg

FORTVILAR: Innbyggjarane i Bjordal fortvilar over vegen som allereie er vinterstengt, sjølv om det ikkje har kome eit einaste snøflak.

Foto: Jolanta Førde / NRK

– Ein ting er om det faktisk hadde vore snø og vind her, men no verkar det som at dei berre stenger for å stenge, seier Gunnstein Førde.

Han er ein av fleire innbyggjarar på Høyanger sørside som fortvilar etter at Fylkeskommunen bestemte å vinterstenge vegen mellom Bjordal og Matre, føre var for vinterens potensielle herjingar.

– Ubegripeleg

Haustens finvêr har komme til Sogn og Fjordane. Det er november, men framleis har ikkje snøen landa på bakken i Bjordal. Gunnstein Førde står ved sida av bommen som markerer at vegen er stengt for vinteren. Bakken bak bommen er knaskande tørr.

– Det er ikkje berre eg som er oppgitt, det er vel meir eller mindre heile bygda, seier Førde.

Han kan ikkje forstå at Vegvesenet har bestemt seg for å stengje vegen, som mange av bebuarane i Bjordal nyttar for å komme seg inn på E39. I staden må dei no køyre ein omveg som tek om lag ein halv time ekstra.

– Det er jo fortvilande. Me er ein 3–400 innbyggjarar her, pluss hyttefolk og anleggsarbeidarar som brukar vegen. I fjor heldt dei ope nesten heile vinteren, og så stenger dei allereie no når det berre har vore godvêr.

– Ein skulle nesten tru det var ein tidleg aprilspøk, seier han.

Innsparingar

Dina Lefdal i fylkeskommunen fortel at vedtaket om å vinterstenge vegen vart teken allereie i 2017. Grunnlaget for avgjersla er økonomiske innsparingar.

– Me sparar pengar fordi då treng me ikkje å ha beredskap der oppe, eller personell til å følgje opp vegen. Me treng ikkje brøyte eller strø når vegen er stengt, seier ho.

Lefdal seier ho forstår irritasjonen til innbyggjarane i Bjordal som no må ta ein ekstra omveg.

– Me ser det gir eit uheldig utslag no i år når det er så fint vêr, men dette vil variere frå vinter til vinter.

Ope med unntak

Trass i det fine vêret har fylkeskommunen ingen planar om å gjere om på vedtaket.

– Nei, då må me forhandle med entreprenøren om å opne opp vegen att og det kostar pengar det òg.

NRK erfarer at Fylkeskommunen har ein avtale med SFE om at anleggsarbeidarar har fått nøkkel til bommen og kan komme og gå på eige ansvar.

Kvifor er det ikkje då mogleg å ha bommen open for andre også?

– Nei, då kjem me tilbake på at me har eit vedtak på at me skal spare pengar, og at det er det som er grunnen til at vegen er stengt, seier Lefdal.