Hopp til innhold

Vinterferien startar med stor snøskredfare i fjellet

Auka nedbør og kraftig vind gjer at fleire plassar i landet går vinterferien i møte med betydeleg snøskredfare.

Fjellsiden på Sorbmegaisa-fjellet i Kåfjord

BRATT: I terreng med over 30 graders helling vert skredfaren ekstra stor den kommande veka.

Foto: Martin Lyngdal / NTB scanpix

– Det er all grunn til å vera forsiktig i terreng med over 30 graders helling og eg vil anbefala alle å lesa tekstane på skredvarslinga på varsom.no, seier Espen Nordal, vaktleiar ved snøskredvarslinga for NVE.

Etter ein lengre periode med godvêr snur det inn mot helga. Det bles opp og det vil kome lokalt store nedbørsmengder. Dette vil kome som snø i høgareliggande strøk i på Vestland og på Austlandet. I nord er det minusgrader og det er meld store mengder snø enkelte plassar.

Få oppdaterte skredmeldingar her.

Dette er grunnen

Det har til no vore ein vinter med lite snø, men i fjellet er det snø fleire stadar og sidan det ligg eit lag med gammal snø på toppen vil ikkje den nye feste seg.

– Det aukar faren for at flak vil losne og det kan danna skred, seier Nordal.

Vêrutsiktene for starten av vinterferien viser at det vil kome nedbør mange stadar i landet, og lokalt i Sogn og Fjordane kan det kome store nedbørsmengder.

– Skredfaren vil vera relativt høg i helga og i starten av neste veke. Slik det ser ut no så vil det betra seg mot slutten av veka, seier Nordal.