Hopp til innhold

Færre av desse gir hovudbry for bærplukkarane

Den uvanleg harde vinteren på Vestlandet fører til at mange utanlandske bærplukkarar ikkje får arbeid i sommar.

Bringebær

TØFF BESKJED: For mange av bærplukkarane har det vore tungt å få beskjed om at dei denne sesongen ikkje får jobb i nokon bæråker i Norge.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Kvart år kjem hundrevis av utanlandske sesongarbeidarar til Sogn og Fjordane for å skaffe seg livsviktig inntekt ved å plukke bær.

Men avlinga til bærbonde Hans Herman Kalhagen i Gaupne ser ut til å bli så dårleg at han nærast må halvere arbeidsstokken av utanlandske arbeidarar.

– Det har aldri hendt hjå meg at ikkje dei som vil komme tilbake, ikkje har fått det, seier Hans Hermann Kalhagen i Gaupne.

Pleier å ha 40, treng berre 25

Ein iskald vinter har tatt knekken på uvanleg store mengder jordbær og bringebær plantar i Sogn og Fjordane.

Plantane som er daude, skulle gitt bøndene bær å selje, og ikkje minst skulle dei gitt arbeid og livsviktig inntekt til hundrevis av bærplukkarar frå ulike europeiske land.

Hans Herman Kalhagen pleier å ha 40 sesongarbeidarar frå Latvia. I år har han kanskje bruk for 25.

– Mange av desse er på mange måtar heilt avhengige av den inntekta som dei får ved å vere her å jobbe. Dei tener så mykje at dei har ei normal årsløn og kanskje vel så det, på den stunda dei er her, seier Kalhagen.

Mange har basert seg på inntekta

Han tykkjer det er tungt å måtte gi avslag til mange han har hatt i jobb tidlegare.

– Når eg ikkje har arbeid til dei, så er det klart det er eit nederlag. For mange er det også eit havari viss dei har basert seg på denne inntekta, seier Kalhagen.

Fleire bærbønder NRK har snakka med seier det same, i år må dei sei nei til mange bærplukkarar dei veit kan få i økonomiske vanskar når inntektene får bærlukking fell vekk.

Kan ikkje lage arbeid

Men landbrukssjef Luster Steinulf Skjerdal, seier det er viktig at bøndene ikkje lovar arbeid til fleire enn det dei faktisk kan sysselsette

– Desse plukkarane kjem hit for å tene pengar, så er det ikkje bær å plukke så seier det seg sjølv at det vert dårleg økonomi ut av det for dei, seier Skjerdal.

– For meg er det forretningar. Eg må berre styre det som eg har med å gjere, og eg kan jo ikkje lage arbeid til dei, seier Kalhagen.