Hopp til innhold

Vinteren lagar problem for bilane

Ein person kom uskadd frå eit trafikkuhell på riksveg 60 ved Stavenestunnelen i Stryn i ettermiddag.

Trailer fast på Almenningsfjellet.
Foto: Bjarne Eldevik

Bilen har køyrt av vegen og ligg no på taket utanfor tunnelen, opplyser politiet.

Vegbana var svært glatt på ulukkesstaden.

Lenger vest i Nordfjord har glatte vegar også skapt problem. På riksveg 15 måtte politiet tysdag ettermiddag rykkje ut til ein semitrailer som ikkje kom seg opp Almenningsfjellet i Vågsøy.

Traileren som var på veg til Domstein på Trollebø med betongelement var godt skodd. Men på grunn av manglande strøing og nullføre måtte han gje tapt i bakkane. Ein bergingsbil kom til og fekk hjelpt traileren i gang att.