Vinglete køyring var promille

Ein bilførar i 30-åra er meld etter at han vart stogga med promille på E39 ved Langeland i Sunnfjord. Politiet fekk tips om vinglete køyring og seinare viste det seg at bilen hans også hadde skader som stemde med skader på autovernet. Mannen vart pågripen like over klokka 03.