NRK Meny

Vinglete køyring – ingen promille

Politiet fekk i ettermiddag melding om vinglete køyring langs Jølstravatnet på E39. Føraren vart sjekka for promille, noko som ikkje gav utslag. I staden forklarte føraren at han var trøytt, og han vart pålagt å kvile seg før han fekk køyre vidare. Politiet oppmodar alle om å ta pause, eller eventuelt skifte førar, om dei kjenner seg trøytte under køyring.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast