Hopp til innhold

Vinglar i Ditlev-Simonsen saka

Oslo-ordførar Per Ditlev-Simonsen kan halde fram i valkampen. Det seier Bjørn Lødemel, leiar i Sogn og Fjordane Høgre, til VG. Til NRK seier han at Ditlev-Simonsen må trekkje seg frå valkampen.

Bjørn Lødemel
Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

- Eg er heilt einig med Erna Solberg om at han må trekkje seg ut av valkampen til dette er avklart. Så får ein sjå kva utgreiinga måndag seier, seier Lødemel til NRK Sogn og Fjordane i dag.

Hemmeleg konto i sveits

Fredag avslørte Dagens Næringsliv at Oslo-ordførar Per Ditlev-Simonsen har hatt ein hemmeleg konto i Sveits som han ikkje har betalt skatt av. Det er så lagt vore uklart kor store beløp det dreier seg om, men ulike media har meldt det skal vere under 10 millionar kroner. Avsløringa har ført til sterke reaksjonar, og Høgreleiar Erna Solberg har bede Ditlev-Simonsen trekkje seg frå valkampen. Overfor NRK støttar Lødemel Solberg sitt utspel. Men til VG seier han det stikk motsette.

- Det får stå for VG sitt ansvar. Eg har sagt at eg støttar partileiinga sitt syn, seier han.

- Har ikkje endra syn

Lødemel avkreftar at han har endra syn over natta, og forstått han må uttale seg på ein annan måte. - Det er berre tull. Eg har uttala meg heilt konsekvent på same måte til alle media. Eg har verken endra syn eller fått eit anna syn, seier han..

- Eg meiner det er viktig at han er ute av valkampen til vi har fått den utgreiinga i dag. Så får vi la vere å dømme han til vi får høyre kva som ligg i denne saka, seier Lødemel.

Ikkje på attval

Per Ditlev-Simonsen
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Per Ditlev-Simonsen stiller ikkje til attval ved haustens kommune- og fylkestingsval. Men han deltar i valkampen.

I ettermiddag skal Ditlev-Simonsen i forretningsutvalets møte for å gjere greie for det påståtte skattefusket. Kommunelova gjer det klart at han ikkje kan bli kasta frå tillitsvervet som ordførar. Ifølgje lova må han sjølv søkje om å bli løyst frå vervet.