Hopp til innhold

Vindmøller på plass i Vågsøy

Tysdag kom fraktebåten Geise til Måløy med ei last med vindmøller.

Lossing av vindmøller i Vågsøy

Dei første tre vindmøllene har kome til Måløy.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Lossing av vindmøller i Vågsøy
Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Lossing av vindmøller i Vågsøy
Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Lossing av vindmøller i Vågsøy
Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Båten kom frå Emden i Tyskland med dei tre første av i alt åtte vindmøller til Kvalheim Kraft AS. Vindmøllene er laget i den tyske byen Aurich.

Lossinga føregjekk på Nor Cargo sitt område i Måløy og når den var over, returnerte Geise tilbake til for å hente tre nye møller.

– Dei to siste vindmøllene blir lossa i Måløy den 16. juli, seier prosjektleiar Ragnar Hagen.

Den første vindmølletransporten fra Måløy til Mehuken vindpark på Kvalheimsfjellet starter mandag 28. juni.

Då vil det køyre ei kolonne kvar dag til alle åtte møllene er på plass.