NRK Meny
Normal

Må finne pengar i vinden før dei byggjer

Det er ikkje sikkert det er lønsamt å bygge vindkraftverket i Selje.

Okla vindkraftverk

TJA: Vestavind Kraft reknar planane om vindkraftverket i Selje som ein indrefilet. Men det garanterer ikkje utbygging.

Foto: Vestavind Kraft

– Det vi må gjere no er å gå gjennom kalkylane og jobbe med detaljane i prosjektet. Så må vi få med investorar for å sjå om vi kan få lønsemd i produksjonen og komme i gang med bygginga, seier Stig Svalheim som er administrerande direktør i Vestavind Kraft.

Vestavind søkte om konsesjon i 2007. Først fredag kom olje- og energidepartementet med godkjenning av konsesjonsvedtaket som NVE gav i 2013. Dermed har Vestavind Kraft fått løyve til å byggje ni turbinar for vindkraft på Stadlandet. Planen er å produsere 65 millionar kWh, eller straumforbruket til nesten 3200 husstandar.

– For oss har dette vore indrefileten i vår vindkraftportefølgje. Vi trur at dette skal ligge godt an.

Må finrekne på tala

Selskapet har ein jobb å gjere for å kartlegge utbyggingskostnadane av vindkraftparken.

– Vi må finrekne på. Vindturbinprisane har gått betydeleg ned dei siste åra. Så vi reknar med at rundt 200 millionar er eit greitt anslag.

– Vi kjem til å jobbe parallelt med å skaffe finansiering og investorar før vi set i gang anbodsprosessen.

Vindkraftbransjen har den siste tida slite med å få lønsemd i prosjekta sine, og inntening. Mellom anna vart Statkraft sine vindkraftplanar i Fosen og Snillfjord skrinlagde tidlegare i månaden.

Meiner framleis prosjektet er godt

– Vi har eit prosjekt med ein fantastisk god vindressurs. Men vi som alle andre må forholde oss til dei kraft og el-sertifikatprisane som er i marknaden og dei er forholdsvis låge. Så vi må optimalisere prosjektet for å sjå om ein får lønsemd i det, seier Svalheim.

Vestavind har også fått konsesjon på eit prosjekt i Svelgen og dei jobbar med Lutelandet som prosjekt.

– Vi meiner vi har tre gode prosjekt og har ganske god interesse frå investorar og er optimistar med tanke på å få i gang vindkraftproduksjon. Men det er komplisert infrastruktur så det vil nok gå eit par år før vi er klare, så litt tolmod må vi nok ha, seier Svalheim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå