Vindkraftmotstandar meiner han blir nekta taletid

Då Bård Fløde bad om 10 minutt for å orientere kommunestyret i Selje om vindkraftplanar, sa ordføraren blankt nei. Det tolkar vindkraftmotstandaren som knebling av demokratiet.

Bård Fløde og Torkjell Djupedal

KJEMPAR MOT: Bård Fløde (t.v.) og Torkjell Djupedal (t.h.) starta ei Facebook-gruppe i protest mot vindkraftplanane på Stadlandet.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Eg blei sjokkert. Eg kan ikkje forstå kvifor ein skal bli nekta å tale i ti minutt i ei så viktig sak for kommunen, seier Fløde.

Han kjempar mot planane om vindturbinar på ein av landets mest forblåste stadar. I 2013 fekk Okla vindkraftverk konsesjon til å byggje eit vindkraftanlegg på Stadlandet.

9.oktober skal politikarane i kommunestyret i Selje seie si meining om ei ny vurdering av planane. Fløde er ein av initiativtakarane bak Facebook-gruppa «Nei til vindmøller på Stad!», og spurte om ti minutt av møtet for å legge fram synet til innbyggjarinitiativet.

Stad Landskap bad om 20 minutt taletid, men heller ikkje dei vil ordføraren sleppe til. No er det opp til dei folkevalde i kommunen.

– Eg oppfattar det som ei knebling av lokaldemokratiet og set eit stort spørjeteikn ved motivet, seier Fløde.

Vil sjå på tilråding

Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) avviser at dette er eit forsøk på knebling av demokratiet. Han meiner saka er godt nok opplyst.

– Eg har ikkje nekta nokon taletid. Eg har sendt ei tilråding til kommunestyret om at saka er godt nok opplyst, og at det ikkje er nødvendig med to innlegg på møtet. Til sist er det kommunestyret som bestemmer dette, seier han.

– Har ikkje kommunestyret tid nok til ein halvtime med taletid?

– Eg trur ikkje at det kjem anna kunnskap enn den som allereie ligg ved saka som dokument, seier Osdal.

No kan det likevel bli opna opp for taletrengde i vindkraftsaka.

– Eg skal snakke med ein del politikarar i helga og sjå på om eg skal endre på tilrådinga mi, seier Osdal.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal i Sogn og Fjordane tingrett.

VIL REVURDERE: Selje-ordførar Stein Robert Osdal vil sjå på si eiga tilråding.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Håpar på å sleppe inn døra

Vindkraftmotstandar Bård Fløde er langt frå einig med ordføraren i at det er god nok kunnskap om saka.

– Saka er for lite opplyst. Det er feil og manglar som ikkje alle har kjennskap til, meiner han.

No har Fløde tatt kontakt med alle i kommunestyret med håp om å sleppe inn dørene.

– Eg håpar verkeleg eg får ti minutt til å snakke direkte til dei folkevalde i Selje, seier Fløde.