NRK Meny
Normal

Vindkraft til fire milliardar

Utbyggjarar lovar inntekter og arbeidsplassar. Turlag fortvilar over miljøkonsekvensane.

Vindmøller

- Det er ei stor investering og me er avhengige av å ha rammebetingelsar som er forutsigbare som gjer at me kan berekne om det er lønsemd i dette før det blir lagt så mykje pengar på bordet, seier Olav Rommetveit i det nyskipa selskapet Guleslettene Vindkraft.

100 møller

Til saman er det nær hundre vindmøller som kan kome på Guleslettene på kommunegrensa mellom Bremanger og Flora og til ein kostnad på 2,5 milliardar kroner. Elkem fornybar energi AS og Zephyr energi A/S har skipa selskapet Guleslettene Vindkraft A/S for å drive planane gjennom.

Tidlegare har også Zephyr saman med Vestavind Kraft lagt planar om ein vindmøllepark på Bremangerlandet.

Planen så langt er 40 til 50 vindmøller i området mellom Berle og Oldeidet.

Dei samla kostnadene på det prosjektet er mellom 1 og 1,2 milliardar kroner.

Protestar

Protestane i lokalmiljøet har vore sterke og kommunestyret har utsett å fatte avgjerd om saka.

Alvar Melvær som er leiar for miljøvernutvalet til Sogn og Fjordane turlag ropar no eit kraftig varsko mot planane.

- Det er nokre forferdelege planar, for å seie det slik. Dei dekkar det viktigaste skiutfartsområdet for kommunane Florø og Bremanger. Deler av det vindkraftanlegget vil kome midt i det området som er mest brukt til å gå på ski. Så dette er ille, seier han.

Millioninntekter til kommuane

Men Rommetveit er ikkje samd, han lovar millioninntekter til vertskommunane og gode pengar til grunneigarane. Berre på Guleslettene vil det bli bruk for ti faste tilsette spår han og Bremanger kommune åleine kan tene ti millionar kroner dei fyrste åra.

- Så det er store inntekter til kommunen og det er betydelege inntekter til grunneigarane. I tillegg er det arbeidsplassar og oppdrag til næringslivet i distriktet, seier Rommetveit.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.