Hopp til innhold

– Må snakke annleis om vindmøller

SANDANE (NRK): Tore Storehaug (KrF) har slutta å snakke om vindmøller når han vil fri til publikum.

Reaksjoner på revidert nasjonalbudsjett 2019 i vandrehallen på stortinget.

MINDRE PRAT OM VINDKRAFT: Tore Storehaug (KrF) er ikkje tøff i å fronte vindkraftsaka no som før.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– I alle debattane var dette det viktigaste angrepet vi hadde, som eg alltid skulle hamre inn: At det vart bygd altfor få vindmøller.

Og mottakinga var like god kvar gong, seier Tore Storehaug, finanspolitisk talsmann i KrF.

Han står på scenen i Trivselshagen på Sandane der energibransjen er samla til konferansen Kraft i Vest. Han minnest enklare tider.

Kvar gong han gjekk laus på til dømes Ola Borten Moe, som var olje- og energiminister frå 2011 til 2013, så var responsen frå publikum den same: applaus og høglydt tilslutning – fleire vindmøllar no!

Sidan har pipa fått ein anna lyd. Vindkraftmotstanden har blitt til eit nasjonalt opprør, og Storehaug snakkar om heilt andre ting når han vil fri publikum.

– Det er ironisk, seier Storehaug, og held fram:

– I innstillinga frå Stortinget om at vi treng ei nasjonal ramme for vindkraft, så var tanken at dette ville få ned konfliktnivået.

– Litt overrumplande

Stig Svalheim, dagleg leiar i Bremangerlandet Vindpark og Vestavind Energi, fortel om den same erfaringa, frå motsett side. I løpet av sommaren gjekk han frå å vere «heia fram» til det stikk motsette, slik han sjølv opplever det.

– Vi vart heia fram frå politisk hald. Vindkraft var ein del av løysinga. Sånn sett var det litt overraskande med den veldige bølga som kom her i sommar.

– Frå scenen brukte du ordet «overrumpla»?

– Mi oppleving er at mange politikarar såg seg tente med å ligge lågt i terrenget framfor å stå opp for det dei tidlegare hadde sagt. Det var litt overrumplande.

Stig Svalheim

OVERRUMPLA: Stig Svalheim, dagleg leiar i Bremangerlandet Vindpark og Vestavind Energi, gjekk han frå å vere «heia fram» til det stikk motsette, slik han sjølv opplever det.

Foto: Håvard Nyhus

Ikkje kroner og øre

Tore Storehaug er framleis tilhengar at vindkraftutbygging, men legg vekt på at «vi må ta innover oss at ein del ting rundt konsesjonsregimet bør endrast slik at lokalsamfunn vert betre involvert.»

Enda viktigare er det å løfte blikket, meiner han. For å få forsoning mellom partane etterlyser han ei anna forteljing om vindkraft.

Storehaug illustrerer poenget sitt gjennom å vise til den sveitsiske fjellandsbyen Wolfenschiessen. På nittitalet blei staden peika ut som mogleg lagringsplass for atomavfall. Korleis stilte innbyggarane seg til det? Undersøkingar vart gjort.

Då dei blei spurt om dei ville ta på seg ansvaret for avfallet på vegner av nasjonen, så svara 51 prosent at det kunne dei tenkje seg å gjere. Men så spurde forskarane på ny: Kva om innbyggjarane også fekk økonomisk kompensasjon? Til si overrasking oppdaga forskarane at tala gjekk ned. No stilte berre 25 prosent av innbyggjarane seg positive til å ta hand om avfallet. Kvifor? Ei sak av nasjonal interesse vart redusert til eit økonomisk spørsmål, og med det forsvann motivasjonen.

– Eg skal ikkje overspele dette poenget, men det er ein lærdom her, seier Storehaug, som medgir at han «møter seg sjølv litt i døra».

– For eg meiner at meir av pengane frå vindkrafta må bli liggjande igjen i lokalsamfunnet.

Han meiner også at «debatten må handle om meir enn kroner og øre», og at kraftutbygginga ikkje berre blir sett i eit lokalt perspektiv, men også i ei nasjonal og global forteljing.

Han legg til:

– Elles er det verd å hugse på grunnregelen som mi bestemor lærte meg: Vi har fått ein munn og to øyre.