Demonstrantar bad kraftselskapet om å gløyme vindsatsinga

– Kraftselskapet SFE må byrje å lytte til straumkundane sine og legge bort vindkraftplanane, kravde demonstrantar kledd i refleksvestar og bunader.

Demonstrasjon mot vindkraft, Sandane 16.11.2019

DEMONSTRERTE: Initiativtakarane seier at folk frå heile fylket var med på demonstrasjonen.

Foto: Runar Sandnes

Demonstrasjonen blei halden på Heradsplassen i sentrum av Sandane.

– Vi demonstrerer mot at SFE satsar på vindkraft. Vi meiner SFE no må byrje å innsjå at dei må høyre på straumkundane sine som går i mot selskapet sine vindkraftplanar, seier ein av initiativtakarane, Tore Røys Nesbakk.

Sogn og Fjordane Energi (SFE) har gjennom selskapet Svelgen Kraft Holding engasjert seg sterkt i vindkraftutbygging. Selskapet er engasjert i dei planlagde utbyggingane på Lutelandet i Fjaler, Bremangerlandet og Hennøy i Bremanger og Okla på Stadlandet. Tidlegare i år kjøpte SFE seg opp i selskapet for styrke vindkraftsatsinga.

Dette er noko motstandarane ikkje likar. Grunneigar Ivar Rune Varpe i Bremanger er ein av dei som kjempar imot planane.

– Det var fantastisk å sjå at det var så mykje engasjerte folk i gule vestar. Det var eit fantastisk syn. Det var rørande å sjå det fantastiske engasjementet. Rett og slett imponerande, seier han.

Meiner det blir turbinar i alle retningar

Initiativtakar Tore Røys Nesbakk viser til at vindkraftutbygginga i Bremanger, der han bur, først fekk tommelen ned frå NVE i 2015. Olje- og energidepartementet tok ikkje direktoratet sine innvendingar til følge og gav i 2017 likevel konsesjon.

– Vi meiner SFE no bør sjå galskapen. Bremanger kommune produserer 60 prosent av all krafta til SFE i heile Sogn og Fjordane. Vi har i tillegg to vindkraftverk under utbygging, så vi produserer alvorleg mykje kraft.

Tore Røys Nesbakk

INITIATIVTAKAR: Tore Røys Nesbakk meiner SFE bør stoppe planane.

Foto: Runar Sandnes

Han meiner at om det no skal byggast ei tredje vindkraftverk i Bremanger kommune, så kan ein gå opp på eit kva som helst fjell i Bremanger, og ein vil sjå vindturbinar i alle himmelretningar.

– Det meiner vi blir heilt feil. Vi vil gjerne trivast i våre nærområda der vi bur. Vi vil ha eit godt liv og vi vil ha natur å trivast i.

SFE viser til at viss fleire næringar skal kutte ute ut fossilt brensel, så treng ein vindkrafta?

– Fagfolk har dokumentert at det er mykje å gå på når det gjeld oppgradering av gammal vasskraft i Noreg. Og vi meiner havvind kan tolererast litt meir enn vindkraft på land, for der kan ein utnytte arealet betre.

Meiner vindkraft er naudsynt

Johannes Rauboti

HELT TALE: Konsernsjef Johannes Rauboti i SFE.

Foto: Runar Sandnes

Konsernsjef Johannes Rauboti i SFE som heldt tale under demonstrasjonen, seier han har forståing og respekt for engasjementet.

– Eg forstår at når ein er sterk motstandar så prøver ein alle midlar, men eg føler kanskje det er litt urettferdig å rette skytset mot oss som selskap. Det er ikkje vi som avgjer om vi får konsesjon eller ikkje, det er sentrale myndigheiter.

Rauboti seier han forstår at dei som får vindturbinar i sitt område, reagerer på dette. Men han meiner det er naudsynt å byggje ut vindkraft no.

– Vindkraft er den ressursen som verkeleg monnar når det gjeld ny fornybar energi. Vasskrafta er i stor grad bygd ut og potensialet der ligg på oppgradering og utviding. Men det ressursgrunnlaget er for lite når vi ser det behovet som er for å elektrifisere transportsektoren, seier han.