Hopp til innhold

– Det var så glatt at vinden blåste meg på skoa bortover vegen

På veg over eit såpeglatt strynefjell blåste kraftige vindkast ekspressbussen til Bergen av vegen. – Fronten berre sleppte og skar over, seier bussjåfør Arve Slettenes.

Buss bles av vegen på Strynefjellet

STOGGA:–Brøytekanten var vel ein halvmeter høg, så den var det god hjelp i. Eg trur nok vi hadde stogga utan at snøen låg der også, seier sjåfør Arve Slettenes.

Foto: Privat

Ekspressbussen var på veg frå Trondheim med tre passasjerar, då vinden sende bussen av vegen.

Bak kom ekspressbussen frå Oslo. Den vart blåst på tverra.

– Det var relativt glatt, så vi tok det med ro. Vinden byrja å ta ved brøytestasjonen på Grotli. Så kom det ei god vindkast og bussen skar over vegen, fortel sjåfør Arve Slettenes.

Eitt hjul på vegen

Ingen personar kom til skade, og sjølv oppfatta ikkje bussjåføren hendinga i 05-tida som særskilt dramatisk. Bussen vart ståande godt av vegen, med eitt hjul på vegbana.

Svein-Arne Vik er marknadssjef i Nettbuss

UDRAMATISK: Svein-Arne Vik seier at det var tre passasjerar i bussen som vart teken av eit vindkast på Strynefjellet.

Foto: Nettbuss

Slettenes er usikker på om passasjerane merka noko før han fortalde at bussen stod fast. Det var derimot liten tvil om at vindkasta var kraftige og vegen glatt.

– Då vinden kom, sklei eg bortover vegen på skoa. Eg måtte halde meg til bussen for å stå oppreist, seier Slettenes.

Vind og glatt

Yrkessjåfør Eirik Tenden kom like bak med vogntog. Han stadfestar at det var krevjande å køyre over Strynefjellet i morgontimane.

Eg har køyrd her i 35 år og aldri opplevd fjellet slikt. Det var ulike temperaturar heile vegen, frå fem varmegrader til ned på minussida, seier han.

Sjølv fekk han smake på naturkreftene då han skulle leggje på kjettingar.

Eirik A. Tenden

ERFAREN: Eirik Tenden er glad at bussane heldt låg fart og vart stogga av snøen.–Hadde bussen gått eit par meter til, så kunne den bikka. På nedsida er det vatn, og eg veit ikkje kor godt isen hadde halde, seier Tenden.

Foto: Terese Auflem Tenden / NRK

– Hengaren for over vegbana og inn i brøytekanten på andre sida. Det var ikkje dramatisk for meg, men det bles så godt at det ikkje var godt å gå ute, og så glatt at du hadde problem med å fote deg, seier han.

Veksla frå pluss til minus

Mesta opplyser at brøytestasjonen på Strynefjellet er bemanna 24 timar i døgnet og at vegen vart skrapa både før og etter uhellet.

Ved Vegtrafikksentralen får NRK.no opplyst at vekslande temperaturar, isdekke, regn og vind gjer det utfordrande å halde fjellovergangane ved like. Dei ber større køyretøy nytte kjettingar.

– Det var nok krevjande å strø under slike høve. Det regna, var issole og vinden bles nok vekk det som blir strødd, seier Slettenes.

Glatt i låglandet

VTS i Bergen oppmodar folk om å ta det med ro på vegane. Det kan vere lokalt glatte parti også i låglandet.

Regn som frys på kald asfalt har allereie gjort fleire vestlandsvegar somme stader glatte.

– I høgda er det plussgrader, snø og isdekke. Her oppmodar vi til kjettingbruk. I låglandet har det gått frå slaps og snø, til regn som frys på. Folk må køyre etter forholda, seier vaktoperatør Morten Hansen.

Slik er det på fjellovergangane no:

  • E6 Dovrefjell: Stort sett snø- og isdekke. Klokka 0545 var det 1 grad, lett bris og skya.

  • E16 Filefjell: Isdekke. Klokka 0530 var det tre grader, lett bris og regn.

  • E134 Haukelifjell: Snø- og isdekke. Klokka 0540 var det to grader, liten kuling og regn.

  • Riksveg 7 Hardangervidda: Snø- og isdekke. Klokka 0445 var det to grader, frisk bris og middels regnbyer.

  • Riksveg 9 Hovden-Haukeli: Snø- og isdekke. Klokka 0540 var det tre grader, svak vind og skya.

  • Riksveg 13 over Vikafjellet: Snø- og isdekke. Klokka 0545 var det to grader, laber bris og opphaldsvêr.

  • Riksveg 15 Strynefjellet: Vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 0545 var det tre grader, sterk kuling og regnbyer.

  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Isdekke på grunn av regn som frys på bakken. Store køyretøy bør bruke kjetting. Klokka 08 var det fire grader, laber bris og lett regn.

  • Fylkesveg 50 Hol–Aurland: Snø- og isdekke. Klokka 0545 var det fire grader, frisk bris og opphaldsvêr.

  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal: Snø- og isdekke. Store køyretøy bør bruke kjetting. Klokka 0530 var det to grader, frisk bris og regnbyer.