- Det har vore kraftig kastevind, og det førte til at ei heil rekke med garasjar forsvann. Dei vart løfta opp frå grunnmuren og fall ned att på ein veg, seier lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger.
Fleire bilete: Vind herjar i oktober
Det var store krefter i sving. Foto: Jan Arne Øksnes.
- Til alt hell var det ingen som stod på staden akkurat då det skjedde. Vegen forbo er mykje trafikkert, og eg veit at det var folk i nærleiken då dette skjedde. Hadde dei stått i vegen for garasjane, så hadde vi hatt ei vanskeleg sak, seier lensmannen.
Vegen vart sperra, men ved 15-tida var dei i ferd med å få rydda vekk det meste.
- Grasjane vart flytta rundt 40 meter, så det har vore sterke krefter i sving, seier Strandos.Ein sterkt redusert garasje.
Ein sterkt redusert garasje. Foto: Magny Lote
Fleire bilete: Vind herjar i oktober