Hopp til innhold

Vind og snø skapar problem på fjellovergangane

Snø og uvêr skaper torsdag problem på fleire av fjellovergangane mellom Vestlandet og Austlandet.

Bommen på Bjøbjerg, Hemsedal

KOLONNEKØYRING: Bilar i kø ved bommen på Bjøberg i Hemsedal.

Foto: Statens vegvesen

Oppdatert liste klokka 14:15:

  • Riksveg 15 over Strynefjellet: Strynefjellet ope
  • Fylkesveg 51 Valdresflya: stengt, ny vurdering fredag føremiddag.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: kolonnekøyring.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland: kolonnekøyring.
  • E134 Haukelifjell: kolonnekøyring.
  • Riksveg 7 Hardangervidda: kolonnekøyring.
  • Riksveg 13 Vikafjellet: stengt, og opnar ikkje torsdag.

Dei sikraste korta for dei som skal køyre aust – vest er i dag er Europaveg 16 Filefjell, sjølv om det også der er kuling og snøføyk er det fine køyreforhold. På hurtigbåtruta mellom Bergen og Nordfjord har selskapet Norled meldt at born under 12 år ikkje får reise åleine.

Rune Thomas Ege

TIL KAI: MS Trollfjord blir liggande i Trondheim til 25. desember, noko som ikkje er etter planen. – Vi jobbar med å informere alle passasjerane no, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege.

Foto: Hurtigruten

Også Hurtigruta har fått trøbbel som følgje av vêret. Både MS Trollfjord og MS Kong Harald som skulle gått i rute mellom Trondheim og Bergen dei næraste dagane ligg vêrfast i Trondheim.

– Dette skjer på eit veldig leitt tidspunkt. Nokre skal heim til jul, andre har planlagt å feire jul om bord hjå oss. Etter å ha segla langs kysten i snart 125 år har vi lært to ting. At vi kan gjere lite med vêret, og at med vêret tek vi ingen sjansar, seier kommunikasjonssjef i Hurtigruten, Rune Thomas Ege.

Her kan du lese oppdaterte vegmeldingar.

Sogndalsdalen

VINTERFØRE: Snø og vinterføre på riksveg 5 i Sogndalsdalen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mykje vind i vente

– Det bles godt i dag. Det er sørvestleg sterk kuling og til dels liten storm på kysten og i fjellet, seier meteorolog Frode Hassel.

Med berre to dagar igjen til jul er det mange som er opptekne av vêret. Ikkje minst dei som skal ut og reise i julehelga.

– Det vert mykje bygevêr i dag. Det er regnbyer i låglandet og snøbyer over 600 meter, med moglegheiter for torevêr, seier Hassel.

Ut på ettermiddagen kjem vinden til å minke noko, og det vert også litt mindre vind på morgonen vesle julaftan.

– Det ser ut til at vi får eit lite pusterom, med lågare vindhastigheiter. Så dersom ein skal ut og reise så kan det kanskje vere greitt å kome seg av garde tidleg på dagen i morgon, for ut på dagen så kjem det eit nytt lågtrykk frå vest, seier Hassel.

Ut på ettermiddagen fredag er det venta liten til full storm på kysten og i fjellet. Også ved Vegmeldingssentralen ber dei folk som skal ut å reise om å følge med på Yr og heimesidene til Statens vegvesen.

– Med dei vêrmeldingane vi har no så kan det skifte frå time til time, seier Omdal.