NRK Meny
Normal

Villsauer i Flora på filmfestival

Dokumentarfilmen "Villsauen, Reven og Kjærligheten", som handlar om florøjenta Hilde Buer, blir vist på den viktigaste festivalen for dokumentarfilm i Nord-Amerika. - Overraskande, men kjekt, seier hovudpersonen sjølv.

Det er Embla Film som har laga filmen, som vart innspelt over ein toårsperiode frå 2003. Filmen handlar om livet til Hilde Buer og dei vala som førde ho til Grønenga.

- Det handlar i store trekk om å velje seg bort frå eit travelt liv der ein skal ha mykje heile tida til eit anna tilvere med andre verdiar.

For Hilde Buer har det ført til eit liv med villsauer på Grønenga utanfor Florø.

60 av 1700 slepp gjennom

Og no skal filmen om Hilde Buer og villsauene på Grønenga altså visast på "Silverdocs", som er den viktigaste dokumentarfilmfestivalen i Nord-Amerika. Årleg blir det meldt på over 1700 filmar frå kring 80 land, men berre 60 slepp gjennom nålauga. Men eventuell status som internasjonal filmstjerne tek Hilde Buer med knusande ro.

- Eg veit ikkje akkurat om eg blir filmstjerne, det kjekkaste er at villsauene får vist seg fram.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast