Hopp til innhold

Villsau i havgapet

Hilde Buer valde vekk eit urbant liv til fordel for villsaudrift i havgapet. I fjor flytta ho drifta frå Grøneng til Værlandet.

Hilde Buer driv med villsau på Værlandet, ytterst i Askvoll kommune.

SJÅ VIDEO: Hilde Buer vitjar vêrane sine. Foto/redigering: Guro Kvalnes

– Neimen hallo jenter, var de her? Så kjekt å sjå dykk!

Når Hilde Buer set i lokken sin er det ikkje lenge før jentene kjem. Ho kjenner sauene sine godt og har stor omsut for kvar og ein av dei. Namn har dei alle.

Hilde Buer frå Os er sivilagronom og levde lenge eit urbant liv med rushtrafikk, kontorjobb og utstrekt møteverksemd. Så tok ho til å telje over timane som ho nytta til formålslause ting. Ho fant ut at noko måtte gjerast og sa like greitt opp jobben. Slik kunne ho bruke tida på noko som gav meining: villsauen.

Hilde Buer

VALDE VEKK DET URBANE LIVET TIL FORDEL FOR LIDENSKAPEN: Hilde Buer sa opp jobben og valde å satse på villsaudrift.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Frå Grønenga til Værlandet

I 1999 slo ho seg ned på øya Grøneng i Flora og her vart ho i 14 år, før det vart bestemd at arealet skulle nyttast til oljeindustrien.

LES OGSÅ: Kjempar for at øyidyllen ikkje skal bli oljebase

Hilde orka ikkje å sitje og sjå på desse inngrepa, og valde å flytte drifta til Værlandet lengst vest i Askvoll kommune. Ferda frå Grøneng til Værlandet gjekk sjølvsagt sjøvegen.

Me reiste heilt yttarst i havet og havet var heilt stille den dagen, fortel Buer.

– Sauene er rolege ombord i båt fordi dei aller fleste av dei reiste med båt som ungsauer. Då me kom inn til øya så la me landgangen på kaien. Eg gjekk fyrst i land og så gjekk dei etter i lang lang rekkje, og det var ein fantastisk oppleving. Dei gjekk fint som perler på eit snor og fylte opp vegen i lynglandskapet som stod i blomst. Bakarst gjekk Anders (sambuaren) saman med Bjarne (Buhunden). Det var eit veldig fint bilete minnast Buer.

LES OGSÅ: Manglar 2700 tonn sauekjøt - moderne fjøsar skal gjere sauebondeyrket attraktivt

(Artikkelen held fram under biletet)

Villsau

URSAU: Villsauen er av rasen gamalnorsk sau, og den klarer seg godt utan menneskeleg innblanding.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Eit landskap både sau og menneske kjenner seg heime i

Lyngheiene på Værlandet gjer dette til det ideelle landskap for villsaudrift meiner Buer. Det er eit snøfattig område med røsslyng, langstrekte vidder og store deler av lyngheiene er verna. I europeisk og global samanheng er lyngheiene eit av dei mest truga kulturlandskapa. 90 % av lyngheiene i Europa er vekke i dag fortel sauebonden.

– Det vil seie at me har ei plikt til å ta vare på dei siste kystlyngheiene våre. Såleis er det ein veldig kjekk produksjon. Ved å ha villsauen i dette landskapet så tek me og vare på landskapet.

Heller ikkje menneska lir noko naud her ute i havgapet skal ein tru Hilde. Sjølv om det er mykje vær og vind kjenner ho seg heldig.

– På Grøneng måtte me i båt for alt ein skulle, her kan ein spasera til butikken så me synast at me er kome rett så sentralt. Så er det og andre folk her på øya, så me tykkjer at det har vore ein sosial opptur å kome hit.

– Det er jo heilt spektakulært å bu så nært havet som dette.

– Denne skjærgarden er berre heilt eventyrleg. Det er 300 øyer, du kan padle, du kan ro, og me har oter og sel rett utanfor vindauget. Det er heilt klart eit privilegium å få leve her ute.

At den ville naturen har ein terapeutisk verdi er ho heilt overtydd om.

– Det er eit frigjerande landskap, seier Buer.

Hilde Buer

VILLSAU I VILT LANDSKAP: Hilde Buer meiner lyngheiene på Værlandet er det ideelle landskapet for villsaudrift.

Foto: Guro Kvalnes / NRK