NRK Meny
Normal

Villreinen vert freda

Det blir forbode å jakte på villrein i Vest- Jotunheimen til hausten. Det er første gang på 14 år at det er gjort eit slikt vedtak.

Reinsdyr

Sjuke reinsdyr. Sjå dei store kulane på ryggen og sidene på dyra. Larvene har her vokse seg store og borar seg nok snart ut i det fri.

Foto: Einar Fortun

- Årsaka er at ein ikkje lenger har kontroll over stammen, seier leiar Vidar Moen i  villreinnemda.

- Vi har ingen god kontroll i dag. Difor er det vanskeleg å drive jakt fordi vi ikkje kjenner konsekvensane, seier Moen.

150 dyr kan vere tekne av ras

I 30 år har det vore jakta på villrein i Vest-Jotunheimen, men sjeldan har det stått så dårleg til med stammen som i år. Og det er fleire forhold som gjer grunneigarar og oppsynsmenn uroa. Så mange som 150 dyr kan vere tatt i eit ras eller gått gjennom isen. Vinteren har vore ekstrem tøff, og i tillegg har insektet hudbrems vore svært aktiv dei siste to åra og teke livet av mange reinsdyr.

Fjelloppsynsmann Einar Fortun seier det helst er ungdyra som er offer for bremsen sine herjingar.

- Vi har funne ein del daude dyr på våren. Det ser ut som om det er ungdyr og svake dyr som er mest utsette.

- Jakt er bingo

Normalt tel villreinstammen i Vest-Jotunheimen 400 dyr. No kan talet vere halvert. Difor blir det jaktforbod til hausten.

- Vi meiner det er bingo å ta ut 60-70 dyr, som vi har gjort dei siste åra, utan å vite kva vi eigentleg har på kontoen, seier Moen.

Lenge sidan siste freding

Ikkje sidan 1993 har det vore naudsynt med å frede villreinstammen. Jaktopphaldet den gongen hadde god effekt, noko Moen håpar skal skje igjen.

- Vi må leggje ein plan, for villreinjakta har stor verdi for Luster og Årdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.