Fordi reinen no må bruke mykje energi på finne mat, er det ekstra viktig at reinen får ro, seier Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn. Villreinstammen kan bli kraftig redusert dersom folk uroar stammen. Viss reinen kjem i dårleg energibalanse, kan simlene i verste fall kaste kalven, seier han.
Må grave fram maten
Tilhøva i fjella i Aurland, Årdal og Lærdal er svært spesielle i år. Mykje snø og is gjer at det er vanskeleg for villreinen å finne mat i områda der villreinen tradisjonelt har vinterbeite. I år må villreinen bruke mykje energi på å grave fram maten. Det kan få ekstra alvorlege konsekvensar dersom villreinen i tillegg blir stressa av folk i området. - Viss han kjenner lukt av folk vil han flykte unna faren, seier Golf.
- Gi reinen ro
Statens Naturoppsyn ber folk om å ha hundar i band og vere forsiktige med å bruke snøscooter. Og ikkje minst bør folk halde seg unna villreinen. - Viss nokon må passere reinen er det viktig at dei går på lesida av flokken, slik at ikkje vinden slår i mot dyra, seier Golf.