NRK Meny
Normal

Villreinen er i fare

Villreinen i Noreg er utryddingstrua. Hyttebygging og vegutbygging har no kome langt inn i villreinen sine område.

Arkivfoto
Foto: Inge Arne Bøe

Leiar i Villreinutvalget for Nordfjella, Lars A. Nesse, er redd for at reinen forsvinn for godt.

- Finn ikkje reinen mat, vil han stryke med.

Hyttebygginga et seg innpå

Han er uroa over hyttebygging og vegutbygging i villreinen sine område i fjella. For hyttebygginga kjem nærare og nærare inn på villreinen sitt territorium.

- Det er meir og meir bygging i grenseområda mellom høgfjell og dalføre, og det skaper press og aktivitetar innover i fjellområda, og det forstyrrar reinen.

Særskilt ansvar

Noreg forvaltar den siste skikkeleg ville europeiske villreinbestanden, og har difor eit særskilt ansvar for å ta vare på stammen. Flokken er i dag på om lag 30.000 dyr, 2000 av dei held til i Sogn og Fjordane.

Skuffa over manglande tiltak

Generalsekretær Tore Killingland i Norges Naturvernforbund er skuffa over manglande tiltak for å behalde villreinen i Noreg.

- Vi kan ikkje sjå eitt einaste tiltak som har betra situasjonen. Tvertimot, kommunane byggjer ned og byggjer ned med hytter.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå