Hopp til innhold

Vil ta kampen mot EU for å få på plass vinterførarkort for utanlandske sjåførar

Samferdsleministeren er villig til å ta opp kampen mot EU for å sikre at det blir krav om eit såkalla vinterførarkort for utanlandske sjåførar som skal ut på norske vintervegar.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil ha vinterførerkort for utenlandske sjåfører.

VIL KJEMPE MOT EU: Ketil Solvik-Olsen er budd på at EU kjem til å strete imot når Norge vil ha eige vinterførarkort for utanlandske sjåførar som skal køyre på norsk vinterføre.

Foto: Odd Rømteland(NRK)/Fredrik Varfjell(NTB/Scanpix)

Utanlandske vogntog som skapar problem på norske vintervegar var i dag gjenstand for debatt i Stortinget. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen gjentok at han vil ha krav om vinterførarkort for utanlandske sjåførar.

– Det er viktig at vi har trygge sjåførar, som forstår kva køyreforhold dei er ute på, og som veit korleis dei skal reagere om noko skulle skje under slike vêr og føreforhold, sa Frp-politikaren frå talarstolen.

Det var stortingsrepresentant Kjell-Idar Juvik frå Ap i Nordland som tok opp problemstillinga gjennom ein såkalla interpellasjon. Juvik er djupt uroa over at dårleg utstyrte vogntog stadig sperrar vegar, og fryktar fleire alvorlege ulukker.

– Det blir stadig fleire lastebilar på vegane, og det er eit faremoment på vintervegane. Mange av dei er utanlandske. Eg fryktar fleire ulukker, det er berre eit spørsmål om tid, og dette må vi hindre at skjer på nytt, sa Juvik frå talarstolen.

Allereie i november varsla ministeren at noko måtte gjerast. Og no lovar han altså å følgje opp.

Lei vogntog på kryss og tvers

Problemet med fastkøyrde vogntog gjentek seg vinter etter vinter. Tallause stengde vegar fører til problem for både private og næringsliv.

Juvik kjem sjølv frå Nordland, der tala får i fjor viser at det var hundrevis av hendingar der tunge køyretøy sperra vegane. Berre frå januar til og med midten av november var trøbbel med vogntog årsak til 420 vegstengingar.

– 250 av desse var stenginga var årsak til av lastebilar frå utlandet. Det er meir enn 50 prosent av stenginga.

– Men dette er ikkje berre eit problem for die utanlandske vogntoga, understreka han og held fram:

– Men det er ikkje tvil om at det er utanlandske køyretøy som står for flest stengingar og som oftast for køyreforbod ved kontrollar, sa Juvik.

Semitrailer stengjer vegen ved Oldeidetunnelen.

BYRJA SKLI: Denne polske semitraileren byrja skli bakover på fylkesveg 616 i Bremanger i starten av desember i fjor.

Foto: Christian Bjerkreim

Vil bli kvitt useriøse aktørar

Spørsmålet frå Juvik var kva statsråden gjer for å hindre at tunge køyretøy utgjer ein trafikkrisiko på norske vintervegar?

Og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen forsikra Stortinget om at han tek problemstillinga på alvor. Han understreka samtidig at problemstillinga ikkje er svart/kvit, og at det ikkje handlar om at utanlandske sjåførar er dårlege sjåførar og norske sjåførar gode.

– Vi må sørge for at det er dei seriøse aktørane som er i denne bransjen, var den klare beskjeden.

Store variasjonar i kunnskap

Ministeren viser til at det er store variasjonar på kunnskapen hos sjåførane.

– Det er ikkje berre utanlandske sjåførar som får problem på norske vintervegar, det gjeld også norske.

– Det er gjerne primært utanlandske sjåførar ein ser på tvers i vegbana vinterstid, fordi dei ikkje beherskar køyreforholda. Men dessverre er det flest norske sjåførar som køyrer av vegen i ulukker.

– Dette handlar om seriøse kontra useriøse sjåførar, uavhengig av nasjonalitet, seier Ketil Solvik-Olsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kontrollar Håbakken

STRENGARE KONTROLLAR: Ministeren meiner det er viktig at Vegvesen har lov til å setje foten ned på effektivt vis når dei oppdagar feil og manglar på vogntog under kontroll.

Foto: Anna Gytri / NRK

Vil gje kontrollørane lov til å vere strengare

Fleire kontrollar er eit viktig tiltak for å få bukt med dei useriøse transportørane, og allereie i haust la ministeren meir pengar på bordet til Vegvesenet.

Frp-politikaren meiner det også er viktig at både UP og Vegvesenet veit kva dei har lov til å gjere når dei kjem over feil og manglar. Han ser også føre seg at kontrollørane skal få lov å vere endå strengare.

Ministeren la vidare vekt på skjerpa kontroll av såkalla kabotasjekøyring, når utanlandske transportørar tek transportoppdrag innanlands.

Han vil raskast mogleg ha på plass obligatorisk bom-brikke på alle lastebilar, noko som vil kunne stogge problemet med at utanlandske sjåførar stikk av frå både bompengar og bøter.

Vil ha vinterførarkort

Solvik gjentok at han vil jobbe hardt for å få på plass er eit såkalla vinterførarkort for utanlandske sjåførar som skal køyre på norske vintervegar. Ministeren varsla at han vil kjempe med nebb og klør mot EU for å få dette til.

– Det stillast strenge krav til sjåførar som skal køyre lastebil i Norge. Dei må ha mange kurs, til dømes glattkøyringskurs, for å vise at dei beherskar norske vinterforhold.

– Men utanlandske sjåførar treng ikkje bevise at dei har kunnskap om dette. Og vi har sett historiene i media om at austeuropeiske sjåførar kjem til Norge og ikkje har noko erfaring med å køyre på vinterføre, og det uroar meg, seier Solvik-Olsen.

Villig til å kjempe mot EU

Han seier departementet jobbar med saka og håpar at det kan kome på plass reglar som gjer at sjåførar som kjem til Norge må kunne beise at dei har kunnskap om å ferdast på vinterføre.

– Kanskje er dette noko vi får problem med EU på, men den kampen er eg villig til å ta.

– Det kan ikkje vere slik at det er strenge krav til norske sjåførar, medan det er fritt fram for utanlandske sjåførar.

– Dette har noko å seie for konkurranseforholda, og vi skal ha dei flinkaste sjåførane på vegane, ikkje berre dei som er billegast og utan kompetanse.

SV-representant Heikki Holmås ville ha eit konkret svar på når eit slikt vinterførarkort kunne innførast, men noko tidspunkt kunne ikkje Solvik-Olsen gje.

– Dette er eit punkt der vi må starte på null, og ting vil ta tid. Her er det mykje upløgd mark, men vi skal levere så fort som mogleg.