Hopp til innhold

Ville vise avstandar – måtte rykke ut til ulukke

Lensmann Espen Gulliksen venta på svar om nedlegging av lensmannskontoret sitt då alarmen kom om ei bilulukke. Etter 20 minuttar var han på plass.

Lensmannskontoret er føreslått lagt ned, men i dag var dei nær då alarmen gjekk

Lensmannskontoret i Bremanger ligg i Svelgen. Bilulukka der ein personbil og lastebil var innblanda, skjedde like utanfor Berleporten.

I samband med at politimeister Kaare Songstad skulle legge fram innstillinga si om kva lensmannskontor som skal vekk i samband med politireforma, ville Gulliksen vise NRK avstandane i området han skal dekke.

Frå alarmen gjekk til lensmannen var framme tok det 20 minuttar.

Like etter kom meldinga om at politimeisteren vil legge ned Bremanger lensmannskontor. Etter politireforma vil nærmaste kontor ligge i Florø.

Då vil utrykkingstida auke til 1 time og 20 minuttar.

– Personleg trur eg det får konsekvensar for typen tenester folk i Bremanger kan forvente seg, sa lensmann Gulliksen etter utrykkinga.

Då var det konstatert at bilførarane kom frå ulukka utan fysiske skader.

– Mange vil spørje om politiet vil kome seinare fram til denne type ulukker?

– Eg trur nok det, svarar Gulliksen

Sjå dramaet i videoen øvst i saka.