Hopp til innhold

Ville skyte politiet og sprenge politistasjon i lufta

No er mannen i 30-åra dømd til fengsel i 40 dagar.

Tolkeutstyr

40 DAGAR: Mannen vart dømd til fengsel i 40 dagar for trugslar mot tenestemenn.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

I januar i år knuste mannen ei rute ved ein butikk i Florø. Han var rusa då det skjedde, og begynte å slikke på ruta han nettopp hadde knust.

Ville sprenge politistasjonen

Politiet vart tilkalla til staden. Då dei kom motsette mannen seg noko med dei å gjere. Då politiet ville arrestere han, prøve han å bite ein av tenestemennene. Dette klarte han ikkje.

Etter at sunnfjordingen var teken med til politistasjonen, kom han med trugsmål til dei to politimennene som hadde teken han inn.

I dommen frå Fjordane tingrett står det:

« ... han skulle mellom anna skyte dei når han fekk moglegheita og han ville skyte dei om dei sette han på glattcelle»

Truga med husbrann

Mannen sa også at han ville sprenge politistasjonen. Retten meiner desse utsegnene er eigna til å framkalle alvorleg frykt, og ser alvorleg på det.

I tillegg stod mannen tiltala for å ha, nokre dagar seinare, kome med trugslar til ei kvinne på vinmonopolet at han skulle knuse trynet hennar, som det står i dommen.

Onsdagen etter desse to hendingane kom mannen med nye trugslar mot politiet. Medan han var i bil på veg til arrest kalla han to polititenestemenn for «nokre jævla nazistar og jævla idiotar»

I tillegg kom han med trugslar om å setje fyr på privathuset til ein av dei to politimennene.

Sunnfjordingen vedgjekk alt han stod tiltala for å retten.Aktor la ned påstand om 40 dagar i fengsel.

Han fekk dom som aktor ville, med fråtrekk av tre dagar i varetekt.