Ville selje nær ein kilo amfetamin

Ein mann i 20-åra møter neste veke i Fjordane tingrett, tiltalt for grove narkotikalovbrot. Mannen er mellom anna tiltalt for å ha skaffa seg nesten ein kilo amfetamin, som han hadde plan om å selje vidare. Då politiet i haust aksjonerte gjorde dei eit av dei største narkobeslaga i Sogn og Fjordane på svært lenge. Den tiltalte mannen må også svare for oppbevaring av over 16.000 tablettar med eit anabolt steroid, og to tilfelle av vald.