Hopp til innhold

Ville selje jernalderstein på eBay

Kvart år er det mange som finn gjenstandar som truleg er fleire tusen år gamle. Ein som fann ein forseggjort vevstein ville selje den på eBay.

diskusjon.no

FANN GAMAL STEIN: I 2009 fann ein mann ein gamal vevstein. Hald han for deg sjølv, var eitt av råda han fekk på diskusjon.no.

Foto: skjermdump / diskusjon.no

På nettstaden diskusjon.no fortel ein mann at han i 2009 fann det han bestemt meiner må vere eit såkalla vevlodd. Det er ein type stein som kvinner brukte når dei veva flotte tøystykke, og som ofte følgde kvinna med i grava.

Truleg frå kvinnegrav

På nettstaden skriv mannen følgjande:

«Jeg fann stenen litt utanfor en vei hjemme og jeg har en mistanke om at stenen kommer fra vegmassen som vart brukt under vegbyggingen siden det garantert ikke bodde folk her hjemme i jernalderen. Men vegfyllingen vart tatt fra en haug der det har fåregått mange arkeologisk oppdagelser. I nærheten av der massen er tatt er det blitt funnet en kvinnegrav fra jernalderen. I denne graven fann arkeologene slike vevlodd. Men dette er et halvt hundre år siden.»

Ville hatt den heime

Under spør han andre deltakarar i diskusjonsforumet om kva han bør gjere med steinen. Eit av alternativa er å selje den på verdas største auksjonsforum på internett, eBay. Dei som har svart på innlegget seier i klartekst det som lova seier, at dette er staten sin eigedom.

– Eg ville ikkje gitt han frå meg. Eg hadde løynd han heime, skriv ein annan av dei anonyme diskusjonsdeltakarane.

Ein annan debattant er noko meir dramatisk i si vurdering av steinfunnet:

«Grav den ned igjen eller føl jernalderfolkets vrede!»

Kenneth Didriksen

EKSPERT: Politioverbetjent Kenneth Didrisken sler klart fast at finn ein minner frå gamal tid, så er det staten sin eigedom.

Foto: NRK

– Staten sin eigedom

Men ein av landets fremste ekspertar på forvaltning av kulturminnelova er klinkande klar. Finn du noko slikt som til dømes ein eldgamal vevstein, så er det staten sin eigedom. Noko sal i innland eller utland er strengt forbode.

– Finn ein ting i bakken som er eldre enn 1537 er det jo staten sin eigedom i utgangspunktet. Då blir det jo då ulovleg ikkje berre å selje dei, men det å ha dei blir ein form for heleri i og med at det er ein annan mann sin eigedom, seier politioverbetjent Kenneth Didriksen i Økokrim til NRK.

– Nokon må melde sakene

Han jobbar til vanleg i Miljøkrimavdelinga i Økokrim, og ser av og til saker som denne dukke opp.

– Det har vore nokon saker på dette med utførsel, og etterkvart også innførsel av kulturminner. Vi er litt avhengige av at nokon melder desse sakene, det vere seg enten tollvesenet eller dei som er mottakar av søknader om utførsel av kulturminner, seier Didriksen.

Ærefullt i andre land

Han meiner at det lenge har vore ei anna haldning til dette her i landet, enn til dømes i Sør-Europeiske land der det å finne minner frå gamle tider blir sett på som ærefullt og med stoltheit.

– I den grad at nordmenn prøver å skjule ting, mure det inn eller gøyme det på andre måtar, så er det jo faktisk ei stolt historie som blir grave fram. I andre land blir det framheva som ei ære at nokon har funne slike ting. Så vi har ein lang veg å gå for å kome dit her i landet, meiner politimannen.