Det var i oktober i fjor den 38 år gamle kvinna og 40 år gamle mannen utførde det brutale ranet. Ifølgje tiltalen skal dei to ha sparka og slått den 60 år gamle mannen, og truga med å knuse kneskålene hans om han ikkje gav frå seg koden til minibankkortet.
Dei to tok også med seg lommeboka til 60-åringen med 700 kroner i. Deretter tok dei ut 8.000 kroner frå bankkontoen.
Narkotika
Kvinna har også meir vald på tiltalelista. Tidlegare i fjor haust skal ho ha slått og truga ein annan person. Ho er også tiltalt for å ha uroa den allmenne ro og orden i rusa tilstand og forulempa andre.
Begge er tatt med narkotika, og blir tiltalte også for det.
Saka kjem opp for Fjordane tingrett.