NRK Meny
Normal

Ville instruere leiinga i Fjord1

Fylkesordførar Jenny Følling skal ha sendt epost til leiinga i Fjord1 der ho bad dei om å ikkje snakke om eigarskapsspørsmålet då fylkesutvalet skulle orienterast.

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

LA FØRINGAR FOR INFORMASJON: Fylkesordføraren skal ha bede styreleiar og administrerande direktør om å ikkje snakke om fylkeskommunale eigarsaka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det er Bt.no som viser til ein epost fylkesordførar Jenny Følling har sendt til styreformann Reidar Sandal og administrerande direktør Dagfinn Neteland. Eposten fekk dei like før dei skulle orientere fylkesutvalet. Her skal Følling ha lagt klare føringar for kva dei skulle informere om.

Følling skriv :«Eg reknar med at de i orienteringa held dykk til det selskapsspesifikke og ikkje går inn på den fylkeskommunale eigarsaka».

– Ikkje eit ønskje frå Arbeidarpartiet

For fylkesvaraordførar og tidlegare fylkesordførar Åshild Kjelsnes i Ap er dette svært merkeleg.

– Det stiller vi oss undrande til i Ap for det var ikkje noko signal som kom frå vår side. Tvert i mot ønskte vi å få ein best mogeleg dialog med selskapet når det var lagt fram ei tilråding. Det meiner vi dei hadde både ein rett og ei plikt til etter aksjelova.

Kvifor vart det ikkje gjort?

– Det må du spørje fylkesordføraren om.

Åshild Kjelsnes
Foto: Noralv Pedersen / NRK

Krav om lovlegheitskontroll

Kjelsnes vil ikkje uttale seg om kor fornuftig det er av fylkesordføraren å legge slike føringar før eit så viktig møte.

– Det får fylkesordføraren uttale seg om.

Ville du ha gjort det då du var fylkesordførar?

– Eg har heile vegen prøvd å legge til rette for ein god dialog. Det har ikkje alltid vore like enkelt ut frå det mandatet som vart vedtatt.

No ønskjer partiet kontroll om vedtaket av salet er i tråd med lova.

– Arbeidarpartiet saman med SV, Venstre og Miljøpartiet kjem til å be om ein lovlegheitskontroll i løpet av få dagar. Det kravet vil bli overlevert fylkesordføraren om kort tid, seier Kjelsnes.

Fylkesordførar Jenny Følling avviser at innhaldet i eposten er kritikkverdig.

– Det var nettopp det eg prøvde å gje uttrykk for i eposten, og sa at ein måtte halde seg til det selskapsspesifikke. Det betyr og at ein kan snakke om eigarskapen, men med selskapet sine auge. Så her er det ingen er avskorne frå å kome med si meining, seier Følling.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.