Hopp til innhold

Ville ikkje rekne på flyplasskutt i E39-saka

Nedlegging av flyplassar vart til slutt ikkje vurdert som ein del av E39-avgjerda i Nordfjord - sjølv om dette kunne gjeve 2,5 milliardar kroner i innsparing over 40 år.

Ketil Solvik-Olsen

REKNA IKKJE: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen tok ikkje omsyn til innsparingar på flyplassnedlegging i E39-saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ba om tal, men seier han til slutt la vekk reknestykket fordi Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp) var så negativ til ein slik tankegong då temaet vart kasta inn i E39-debatten .

– Det har vore rekna på mykje, utan at vi har tal med to strekar under. Men eg merkar meg at ordføraren i Gloppen var ute og sa det var uaktuelt å ofre flyplassen i ein vegdebatt, seier han.

Bad om reknestykke

Midtre trasè ville gi 35 minutter mellom Anda og Hovden flyplass i Ørsta. Tal frå Vegvesenet viser at traseen ville kosta vel fire milliardar meir enn indre utan avrundingar og moms.

Då ministeren bad Vegvesenet om reknestykket, viste tala at ei flyplassnedlegging kunne tilført prosjektet 2,5 milliardar kroner over 40 år . Men Solvik-Olsen droppa tanken fordi Ryssdal var så negativ.

– Så må eg berre tru at han snakka for eit fleirtal i sin kommune og sin region, seier statsråden.

– Merkeleg

Anders Ryssdal

ORDFØRAR: Anders Ryssdal (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ryssdal meiner utsegnene frå Solvik-Olsen er merkelege, då departementet aldri spurte kommunen om saka. Det politiske miljøet i Gloppen og Eid var klar over at midtre trasè ville gi diskusjonar om nedlegging.

Men strategien i Gloppen var at Anda kunne overleve på bekostning av Hovden, fordi vegen over Sunnmøre mot Vigra også blir ferjefri.

– Det vil vere verdt å gjere ei vurdering av flyplasstrukturen, dersom vi hadde fått bru over Anda - Lote, seier Ryssdal.

Tolkar som freda

Regjeringa har i år bedt Avinor om å greie ut flyplasstrukturen på kortbanenettet .

LES OGSÅ: Regjeringa vurderer å kutte talet på flyplassar

Når ministeren freda Sandane lufthamn som ein del av ein vegdiskusjon, konstaterer Ryssdal tørt at han reknar med Anda vil overleve prosessen.

– Eg er glad han seier at Sandane lufthamn skal bestå. Eg tolkar det dit hen, avsluttar Gloppen-ordføraren.