Ville helst stå ute heile turen

Den vakre vestlandsnaturen har bergteke programleiaren for NRK Sommaropent. Så fint har det vore på turen frå Fedje til Balestrand at ho knapt har ord.

– Ein har ikkje fleire superlativ å bruke, det er veldig rørande.

– Vi får berre lyst til å stå ute og sjå på den vakre naturen, seier NRK-programleiar Nadia Hasnaoui om båtturen ho og resten av crewet på sommarbåten har hatt i løpet av dagen.

Gjennom sommaren tek skipet turen langs norskekysten, og i dag går sendinga frå Balestrand. I dag tidleg starta turen frå Fedje i Hordaland, og på veg opp til fjordfylket skulle Hasnaoui gjerne stått på dekk heile tida.

– Men vi må sitje ein del inne for å jobbe litt, det er ein del planlegging som skal til, flirer ho.

– Heilt fantastisk

NRK sin sommarbåt MS «Sjøkurs» innom ei rekkje stader langs turen som starta 22. juni og endar 10. august.

Hittil har responsen vore formidabel, og fleire stader har båten blitt møtt av hundrevis av lokale som har stilt opp med både flagg, musikk og plakatar. Slik var det også i Balestrand der folk hadde møtt opp i hopetal for å få med seg at båten la til kai.

Programsjef i NRK, Rune Møklebust, gler seg stort over måten dei har blitt motteken langs kysten.

– Det er heilt fantastisk å kome, som her til Balestrand, med stappfull kai. Korps ute på sjøen og mykje anna, seier han glad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sjøkurs ligg til kai i Balestrand, bilete er teke frå ferja MF Selje

PÅ PLASS: Erik Grotle på bilferja MF Selje har sendt oss dette biletet der du ser MS Sjøkurs ligge til kai i Balestrand.

Foto: Erik Grotle

Kan ikkje tenkje på heile turen samtidig

Han vedgår glatt at det er mykje logistikk som skal klaffe for at ting går på skinner.

Om bord i båten er det rundt 45 personar som kvar har si viktige oppgåve for at ting skal gå rundt.

– Det er mange bitar. Trikset er å ikkje tenkje på heile prosjektet samtidig, då blir sjøsjuke ingenting i forhold, flirer han.

– Dette er så svært at det må delast inn i bitar, med ein etappe av gongen, seier han.

Når sommarbåten flyttar seg frå plass til plass sender NRK minutt for minutt av sjøreisa på TV.

– Er du overraska over kor mykje folk som sit og følgjer båten minutt for minutt?

– Både ja og nei. Eg var meir overraska tidlegare, då vi sendte Bergensbanen og Hurtigruta minutt for minutt. Det er framleis slik at dette engasjerer noko veldig, seier Møklebust.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ingebjørg og Johan tek imot MS Sjøkurs i Balestrand

VELKOMST: Vesle Ingebjørg og Johan var blant dei mange frammøtte som tok i mot NRK sin sommarbåt då den kom til Balestrand i føremiddag.

Foto: NRK-lyttar

Får Navarsete i sofaen

I dagens sending frå Balestrand kjem Senterpartiet sin partileiar Liv Signe Navarsete på besøk.

– Vi intervjuar ein partileiar kvar veke, og dei kan ta med seg ein ønskegjest. Denne veka er det Liv Signe Navarsete, og ho har valt å ta med seg sine to døtrer, seier Nadia Hasnaoui som skal intervju ministeren.

I tillegg kjem astrofysikar Eirik Newth, og han skal ifølgje programleiaren snakke om framtida for Sogn og Fjordane.

– Og så skal vi også snakke litt med hotellsjef Sigurd Kvikne, røper Hasnaoui før ho spring inn att i båten.

– No piler eg inn som den propellen som er eg er, og førebur intervjuet med Navarsete.

Trur folk får auga opp for Balestrand

Sigurd Kvikne, hotellsjef ved ærverdige Kvikne's Hotel i Balestrand er altså ein av dei som skal gjeste programmet i kveld. Han er ikkje i tvil om at det at folk frå sjå Balestrand på tv i beste sendetid kan bety fleire besøkjande til den vesle fjordbygda.

– Viss dette har tilsvarande effekt som vi såg då Toppen Bech var her med programmet Herskapelig, så er det ein fantastisk effekt.

– Det gir faktisk umiddelbar effekt med førespurnader med booking frå alle typar gjestar. Vi snakka om dette tidlegare i dag, om at verdien av dette opplegget er veldig, veldig stor, seier Kvikne.

Du kan sjå video frå båtturen frå Fedje til Balestrand i nett-TV. I kveld kan du følgje med på sendinga direkte på NRK1 frå klokka 21.30.

sommeråpent 2013

EI VEKE KVAR: Desse programleiarane er det som skal leie Sommaropent til sjøs. (F.v.) Ingrid Gjessing Linhave, Nadia Hasnaoui, Ingerid Stenvold, Dan Børge Akerø, Kåre Magnus Berg, Anne Rimmen og Tore Strømøy.

Foto: Tore Zakariassen / NRK