Hopp til innhold

Ville helst hatt samling i Sogn og Fjordane

Styreleiaren i SFE vil helst ha ei samling i Sogn og Fjordane. Torsdag vart det klart styret i Sunnfjord Energi går i samtalar med kraftgiganten BKK om ein fusjon.

Per Kjøllesdal

Per Kjøllesdal er styreleiar i Sogn og Fjordane Energi.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

I to år har Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi forhandla om ei samanslåing av selskapa. Men torsdag vart det klart at Sunnfjord i staden ønskjer å bli ein del av kraftgiganten BKK.

– Eg er ingen tilhengar av BKK sin strategi om eitt stort selskap på Vestlandet, seier Per Kjøllesdal som er styreleiar i SFE.

Samanslåinga av Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi stranda fordi BKK ikkje ville vere med på det. Kjøllesdal meiner framleis at dette hadde vore den beste løysinga.

– Eg synest vi først skulle prøve å samle oss i Sogn og Fjordane. Den einaste måten vi kan behalde kontrollen på det som er her på er gjennom å eige det, seier Kjøllesdal.

Vurderer fusjon

I Sunnfjord Energi er styreleiar Arvid Andenæs no open for diskutere fusjon med BKK.

– Når vi ikkje lukkast med å få til ein fusjon med Sogn og Fjordane Energi som var vårt førsteval, så må vi sjå på kva andre moglegheiter vi har, seier Andenæs.

Han understrekar at det framleis er eit alternativ å stå åleine som eit sjølvstendig selskap, og at det er noko som også skal greiast ut. I samtalane med BKK handlar det no om anten ein fusjon på nettsida eller ein full fusjon mellom selskapa.

– Skissa som dei har presentert for oss er så god at vi ynskjer å gå vidare med forhandlingane, seier Andenæs.

Lågare nettleige

Ei av gulrøtene frå BKK i forhandlingane no er lågare nettleige til kundane i Sunnfjord Energi sitt område dersom det blir noko av ein fusjon mellom dei to selskapa.

Jannicke Hilland

FUSJON: Jannicke Hilland er administrerande direktør i BKK.

Foto: BKK

– Dersom det vert ein fusjon så snakkar vi om tre ting. Vi snakkar om lågare nettleige, vi meiner vi og kan sikre eit betre utbytte til eigarane våre, og det tredje er at vi skal utvikle og samarbeide om arbeidsplassar, seier Jannicke Hilland, som er administrerande direktør i BKK.

Arbeidsplassar

Også for Sunnfjord Energi er dette sentrale punkt. Både lågare nettleige til kundane og utbytte til eigarane.

Arvid Andenæs, adm. dir. Sparebanken Sogn og Fjordane

STILLER KRAV: Arvid Andenæs er styreleiar i Sunnfjord Energi.

Foto: NRK

– Men eg er først og fremst oppteken av at vi saman med BKK skal sjå føre oss at vi skal vidareutvikle Sunnfjord og Førde som eit kompetansesenter for energibransjen og den regionen som vi skal vere eventuelt innanfor BKK. Der må vi få ein plan som gjer oss trygge på at det faktisk kjem til å skje, dersom vi skal gå for ein full fusjon med BKK, seier Andenæs.