Hopp til innhold

Ville ha diamant til fire millionar

Frå den vesle bygda Hardbakke med sine 326 innbyggjarar sel grekaren diamantar til heile landet.

Diamant er ikke lenger verdens hardeste stoff

Illustrasjonsfoto

Foto: PHILIPPE LOPEZ / AFP

Solund i Fylkesleksikonet

- Berre i løpet av januar har eg seld for så pass mykje at eg kunne teke meg fri dei neste åtte månadane, seier dagleg leiar i Genuine Gems, Konstantinos Drakos.

Er ikkje som mjølk

For tre år sidan gjorde han lidenskap til næring og starta det nettbaserte firmaet frå Solund. Sidan har salet gått betre og betre for kvart einaste år. Han leverer til privatpersonar og kundar over det ganske land og har endåtil forsynt kjendisar med diamantar.

- Diamantar er ikkje som mjølk, eit produkt kundane kjøper kvar dag. Difor kan eg ikkje sette meg bak på og slappe av etter ein god månad. Du veit aldri korleis resten av året blir, seier han og fortel at salet kan gå i rykk og napp frå månad til månad.

- Halve prisen

Drakos har arbeid også ved sidan av Genuine Gems.

- Men eg kunne heilt klart levd kun på å selge diamantar. I alle fall slik det har vore dei siste åra, vedgår han. På nettsidene reklamerer Drakos for diamantar til om lag halva av prisen den kostar i butikken.

Hamna på Hardbakke

Frå Hardbakke i Solund sel Konstantinos Drakos diamantar til det ganske land.

Foto: Magne Hamre

Han ynskjer ikkje å fortelje løyndomen bak rimelege diamantar, men lovar at kvaliteten er tipp topp.

Treng ikkje vere dyre

Diamantane kjøper han frå Israel.

- Eg har aldri fått ein diamant i retur på grunn av kvalitet. Sjølv om det er diamantar av høgaste kvalitet, så treng den ikkje vere dyr skjønar du. Eg samarbeider med ein gullsmed i Bergen som også takserar diamantar. Han går gjennom kvar einaste diamant, forsikrar han.

Bestilling på fire millionar

Drakos sel diamantar i nærast alle formar. På smykker, i klokker, men også lause diamantar. Prisen varierer frå 10.000 til i overkant av 100.000 kroner. Ein gang fekk han endå til førespurnad om ein diamant til fire millionar kroner.

- Den bestillinga tok eg ikkje sjansen på å gjennomføre. Eg måtte ha forskottert to millionar kroner, og kva om kjøparen då hadde trekt seg, seier han.

Lang kundeliste

- Om litt får eg inn ein ring som er verd 180.000 kroner i butikken. Den er fleire interesserte i, legg Drakos til. Han vil ikkje kommenter kva omsetning verksemda har, men seier at han i fjor hadde over 180 butikkar og privatpersonar på kundelista si. Ein kunde kjøpte diamantar for 120.000 kroner.

- Eg har kundar som er god for fleire millionar, men også kundar som er villige til å ta seg lån for å sikre seg diamanten dei ynskjer seg, seier han.