NRK Meny

Ville fusjonere med Torghatten

Tidlegare Fjord1-sjef, Leif Øverland, hadde allereie i 2013 eit ønskje om å slå saman Fjord1 med Torghatten, det skriv Firda. Fylkestinget vedtok nyleg å selje sine Fjord1-aksjar til Torghatten. Salet har møtt kritikk blant anna frå Fjord1-leiinga, der fleire styremedlemmer no har trekt seg. Øverland seier til avisa at tanken om samanslåing var eitt av fleire alternativ i samband med Widerøe-kjøpet dei gjorde i lag med Torghatten.