Sp ville bruke bonusmillionar før ekteskapet med Hordaland

SOGNDAL (NRK): Senterpartiet ville bruke over 22 millionar ekstra på tiltak i Sogn og Fjordane før ekteskapet med Hordaland er eit faktum frå nyttår.

Aleksander Øren Heen på talarstolen

ENKELT SVAR: Aleksander Øren Heen (Sp) ville bruke uventa ekstrapengar i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På det aller siste fylkestingsmøtet fekk Sogn og Fjordane ei uventa julegåve.

Det synte seg nemleg at fylkeskommunen fekk 36,5 millionar kroner meir i renteinntekter enn kva dei hadde venta.

Debatten handla raskt om kva pengane skulle brukast til.

Senterpartiet føreslo å bruke nesten heile potten:

  • 12, 5 millionar på eit nytt visningssenter ved Astrup-tunet i Jølster
  • 10 millionar i kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane

– Dette er pengar som ikkje var rekna med i ekteskapet med Vestland. Difor er det rett å bruke dei no, sa Sp-gruppeleiar Sigurd Reksnes. Han er for øvrig leiar i Vestland Senterparti.

– Det er uryddig å bruke opp store pengar på tampen av vår periode, svarte fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Ho føreslo i staden at mesteparten av pengane skal settast på fond, for å ta uføresette ting som ras og flaum på fylkesvegane i nye Vestland.

– Skal vi sende frå oss 36,5 millionar kroner til den store fellespotten. Eller skal vi bruke det her i fylket? Svaret er enkelt for min del, parerte Aleksander Øren Heen (Sp). Han er for øvrig gruppeleiar for Senterpartiet i nye Vestland.

Senterpartiet sitt forslag vart nedstemt. Arbeidarpartiet fekk fleirtal.

Samtidig vart dei samde om å bruke nokre av pengane i Sogn og Fjordane:

  • 250.000 til eit visningssenter ved Hopperstad stavkyrkje i Vik
  • 440.000 til museet Singerheimen i Stryn
  • NM i skiskyting i Vik blir auka med 50.000 til totalt 150.000

Fylkesrådmannen åtvara på generelt grunnlag å bruke mykje pengar før samanslåinga.

Frank Willy Djuvik (FrP) meiner at det slett ikkje er lov å bruke pengane.

Han peikte på ei presisering frå kommunaldepartementet om inndelingslova om at samanslåingskommunar ikkje har rett til å bruke meir pengar enn det dei treng for å drive kommunen før samanslåing.

Gunn Åmdal Mongstad spelar piano for fylkestinget

SISTE SONG I SOGN: Fylkestingsrepresentant Gunn Åmdal Mongstad (Sp) spelte piano til allsongen på det aller siste fylkestingsmøtet i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK