Berre flaks hindra ei tragedie to då to menn dreiv villmannskøyring i Lærdalsdalen i går kveld. Det seier Magne Knudsen, ein av politibetjentane som prøvde å stoppe dei to.
Starta med biltjuveri
Det starta med tjuveriet av ein BMW på Årdalstangen i går morgon. Utpå dagen fekk politiet beskjed om vill bilkøyring i Lærdalsdalen. Dei rykte ut og då dukka det opp ein bil dei meinte kunne settast i samband med tjuveriet. Bilføraren stakk av mot Filefjell, tre politipatruljar prøvde å stoppe han, men bilen snudde på veg ned att mot Borlaugskrysset. Der køyrde den over ei spikarmatte, punkterte på tre hjul - og føraren stakk av.
Stolen BMW kom farande
Politiet fann fram til huset der eigaren av denne bilen bur. Då dei stod på tunet skaut brått den stolne BMW'en frå Årdalstangen ut av garasjen. Den braste over nokre støypekantar - la flatt nokre busker - og heldt fram oppover Filefjell. Då politiet kom opp der - fann dei bilen i grøfta - utan førar.
Føraren er seinare sett haikande på Filefjell, og politiet kjenner identiteten. Den andre mannen - som punkterte på spikarmatta - er pågripen. Begge dei to er frå indre Sogn og tidlegare kjenningar av politiet.