Hopp til innhold

Spurte berre fint om å få trene på andrelaget...

Tidleg i vinter kom ein ukjent 19-åring og spurte fint om han fekk trene med andrelaget til Sogndal. No er han blitt ein av dei som løftar eliteserielaget i saftbygda opp og fram.

Petter Strand

KOMET: Petter Strand har kome har blitt ein hit i Sogndal på kort tid. Så seint som i vinter spurte han fint om å få trene på andrelaget.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg er veldig glad eg har fått sjansen, og eg synest sjølv eg har tatt den bra, seier Petter Strand.

Den sjølvsikre 19-åringen var i går sterkt delaktig då Sogndal vann sin første heimesiger denne sesongen.

– God nok for landslaget

19-åringen frå Bergen er av typen som har spelt fotball heile livet, dei siste åra for tredjedivisjonslaget Tertnes. No er han i ferd med å ta steget opp blant dei aller, aller beste.

Under eliteseriekampen mellom Sogndal og Start i går kveld var Petter Strand den som kjempa for kvar einaste ball, som skapte sjansar og som vart lagt merke til.

– Eg synest han har vore den beste spelaren til no i år, seier Sogndal-kaptein Rune Bolseth.

– Han spring som ein gal mann, og er overalt, legg lagkamerat Gustav Valsvik til.

Sogndal-veteran Azar Karadas er også mektig imponert. Til Sogn Avis seier eidaren at den unge bergensaren er moden for landslagsspel på aldersbestemt nivå.

– Petter fortener ei innkalling til landslaget. Han har vist denne sesongen at han er meir enn god nok, så eg reknar med at det vil skje snart, seier Karadas til avisa.

(Artikkelen held fram under)

Petter Strand og Azar Karadas

LANDSLAGET: Azar Karadas meiner den unge lagkameraten Petter Strand er god nok for spel på landslaget.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Han er den vi har sakna litt

Etter ein dårleg start på sesongen såg Sogndal lyset i går. To gonger small det mellom stengene til Start-keeper Håkon Opdal, og det var Petter Strand som var tredje sist på begge skåringane.

I tillegg la han nok ein gong for dagen ein fandenivoldsk arbeidsmoral som tetta alle hola på Sogndal si midtbane.

Jonas Olsson

IMPONERT: Jonas Olsson har blitt imponert av Petter Strand og har gitt han tillit frå start i alle årets åtte seriekampar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Han er den spelaren vi har sakna litt. Han er rask og dyktig med ballen, så det blir spennande å følgje med på Petter, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson som må stille seg i rekka av dei som har late seg imponere.

Så godt har Strand gjort det på få månader i vinter at han har fått tillit frå start i alle dei åtte kampane til no.

Banka på døra og spurte fint...

Sjølv er ikkje 19-åringen så overraska over at han presterer på dette nivået.

– Eg hadde kanskje ikkje trudd det skulle gå så fort, men eg visste eg hadde kvalitetane til å spele bra på dette nivået, gliser Petter Strand.

For det har gått fort oppover for den unge bergensaren. Medan Sogndal speidar verda rundt etter talent, og gjerne betalar dyrt for å hente dei, kom årets hit sjølv og banka på døra.

Idrettsstudenten spurte fint om han fekk lov å trene med andrelaget i saftbygda.

– Eg hadde i baktankane at eg skulle inn på Sogndal heile tida, det var det som var målet mitt då eg flytta opp hit, seier 19-åringen med eit lurt smil.

Olsson: – Det er ikkje lett

Og han fekk det som han ville. I vinter byrja Jonas Olsson å skryte hemningslaust av ein ukjent spelar ved namn Petter Strand, og hans innsats i treningskampane.

Det var ikkje alle som skjønte kva Sogndal-trenaren meinte.

– Det er ikkje lett å kome frå andre eller tredjedivisjon å bli kasta rett inn i dette. Det er eit stort steg og ein må lære raskt, men det har Petter gjort, skryt Sogndal-trenaren.

– Eg føler eg kan skape noko når eg får ballen, og eg torer utfordre. Då blir det sjansar, seier Strand om eigne ferdigheiter.

Samanlikna med «Myggen»

I starten vart han samanlikna med Henrik Furebotn, under kampen i går byrja folk å snakke om Erik «Myggen» Mykland.

Og mange lurte også på kvifor Strand ikkje hamna i Brann.

– Det må du spør andre om. Eg har spelt i Tertnes i alle år, utanom eit halvår i haust, då eg var på utlån til Fyllingsdalen.

– Eg har ikkje tenkt på Brann eller noko, eg har berre fokusert på å få spele fotball.

Vil bli i Sogndal ei stund til

Uansett, midtbanespelaren blir lagt merke til. Både heime i Bergen og andre stader. I går vart han på ny kåra til banas beste, og held dette fram vil også større klubbar gjere meir enn å sjå på han.

– For Petter si utvikling sin del, er eg overtydd om at han skal spele ei stund til hos oss, før han tek neste steg, seier trenar Jonas Olsson.

– Det er berre spelt åtte serierundar, det er 22 rundar igjen, så han må stå heile distansen. Men det er klart at han blir lagt merke til, og det er kjekt for både han, oss og Tertnes.

Og med andre klubbar etter kvart luskande i kulissane kan det vere fint for Olsson å høyre at Strand ar tenkt å vere i Sogndal ei stund til.

Sjølv om idrettsstudiane er lagt på hylla til fordel for livet som fotballproff.

– Eg har ikkje hatt tid til å vere med på studiane no i det siste, så eg trur eg skal søkje på noko anna til hausten. På idrett er det obligatorisk oppmøte, og eg får ikkje sjansen til det, gliser han.